Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10-4. Politiattest med merknad

Politiattest med merknad

(1) Når ein student legg fram politiattest med merknad, skal høgskulen si nemnd for studentsaker avgjere om studenten kan delta i praksis, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2 fjerde ledd. Høgskulen skal gi studenten informasjon om kva dokumentasjon som bør leggast fram før det blir gjort vedtak i nemnda. Høgskulen skal òg gi informasjon om retten studenten har etter universitets- og høyskoleloven § 12-9 til å få dekka utgifter til bistand frå representant etter sak er reist for nemnda. (2) Etter at studenten har lagt fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader, skal dekanen seinast innan ti dagar etter at all dokumentasjon ligg føre, sende over saka med vurdering til høgskulen si nemnd for studentsaker. Nemnda skal gjere vedtak seinast fire veker etter at saka er mottatt frå dekanen, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2. (3) Studenten skal medverke til å opplyse saka ved å leggje fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader på politiattesten, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 6-5. Studenten bør leggje fram sikting, tiltale eller dom som ligg til grunn for merknad på politiattesten. Studenten bør òg leggje fram anna dokumentasjon som til dømes eige fråsegn, arbeidsattest og eventuell attest frå lege der det er aktuelt. (4) Student med merknad på politiattesten får ikkje delta i praksis eller klinisk undervisning før det er fatta positivt vedtak i høgskulen si nemnd for studentsaker, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2 andre ledd.

Hvis en student har merknader i politiattesten, må en egen nemnd avgjøre om studenten kan delta i praksis. Studenten kan ikke starte i praksis eller klinisk undervisning før det foreligger et positivt vedtak.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 12-2Universitets- og høyskoleloven § 12-9Universitets- og høyskoleforskriften § 6-5referert av 2

Sammenheng

Se også3
Referert av2

Koblinger for § 10-4 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →