Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-6. Utdanningsplan og studieprogresjon

Utdanningsplan og studieprogresjon

(1) Utdanningsplanen er ein individuell avtale mellom studenten og høgskulen som viser planlagt fagleg progresjon og gjennomføring av studiet. Utdanningsplanen byggjer på studieplanen for studieprogrammet som studenten er tatt opp til, og er grunnlaget for grad og vitnemål. (2) Studentar som blir tatt opp til studium på 60 studiepoeng eller meir, skal ha ein utdanningsplan, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-3. Utdanningsplanen skal vere sett opp slik at studenten skal gjennomføre planlagt studieløp på normert tid som heiltids- eller deltidsstudent. (3) Studieplanen kan setje krav til progresjon. Studentar som ikkje oppfyller progresjonskrava vil bli flytta ned eit kull, og få ein tilpassa utdanningsplan. I nokre studieprogram kan det gjerast unntak i særlege tilfelle. (4) Alle endringar i utdanningsplanen må skje innanfor rammene i § 4-3 og studieplanen, og innan fristen for semesterregistrering. (5) Studentar som ikkje følger normert progresjon for studieprogrammet, må rekne med å følgje gjeldande studieplan og eksamensordningane som går fram av denne. (6) For studentar med lågare progresjon enn normert, permisjon etter § 5-1 eller andre opphald i studiet, kan forkunnskapskrav fastsett i emneplan gjere at tidlegare fullførte emne må takast på nytt.

Studenter ved studier på 60 studiepoeng eller mer skal ha en individuell utdanningsplan. Planen viser faglig progresjon og er grunnlaget for vitnemålet. Manglende progresjon kan føre til at studenten flyttes til et senere kull eller må ta emner på nytt.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-3Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 4-3Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 5-1referert av 3

Sammenheng

Se også3
Referert av3

Koblinger for § 4-6 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →