Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2-2. Oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland·Kapittel 2. Organisering av studia

Oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne

(1) Ved Fagskulen Vestland skal saker om oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne behandlast slik: a) Dersom fagskulen har akkreditering for fagområde, har styret fullmakt til sjølv å akkreditere nye fagskuleutdanningar og godkjenne vesentlege endringar i fagskuleutdanningane innan det akkrediterte fagområdet, jf. fagskoleforskriften § 48 tredje ledd. b) Dersom fagskulen ikkje har akkreditering for fagområde, skal styret søke NOKUT om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og godkjenning av vesentlege endringar i allereie akkrediterte tilbod, jf. fagskoleforskriften § 47 første ledd. c) Styret skal informere NOKUT om nedlegging av utdanningar. (2) I medhald av fagskoletilsynsforskriften § 5-1 første ledd skal styret melde NOKUT om a) nye utdanningar innanfor eit akkreditert fagområde b) nye studiestader for ei utdanning c) endring av studiestad for ei utdanning d) endring av namnet på ei utdanning e) endring av det samla læringsutbyttet for ei utdanning f) endring av utdanningsform for ei utdanning. (3) For endringar etter andre ledd bokstav b til f i utdanningar som ikkje inngår i eit akkreditert fagområde, vil NOKUT vurdere om endringane gjer det nødvendig å søke om ny akkreditering, jf. fagskoletilsynsforskriften § 5-1 siste ledd. Endring i totalt antal studiepoeng for ei utdanning vil alltid krevje ny akkreditering. (4) Øvrige endringar som ikkje er omfatta av reglane i første til tredje ledd, og som ikkje endrar det samla læringsutbyttet for utdanninga, kan gjennomførast av utdanningsleiar utan søknad eller melding til NOKUT. (5) Ved endring eller nedlegging i utdanningar eller emne, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at studentane får høve til å fullføre utdanninga eller emnet.

Reglene bestemmer hvordan Fagskulen Vestland kan opprette, endre eller legge ned utdanninger og emner. Noen endringer kan styret vedta selv, mens andre krever søknad til eller melding fra NOKUT. Ved endringer eller nedleggelse skal det finnes ordninger som lar studentene fullføre utdanningen.AI

Se ogsåFagskoleforskriften § 48Fagskoleforskriften § 47Fagskoletilsynsforskriften § 5-1

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 2-2 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →