Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland

forskrift/2025-03-07-529·60 paragrafer·Utforsk grafen
I kraft 2025-08-01Kunngjort 2025-03-27
Innhold60 paragrafer

Kapittel 1. Verkeområde

Verkeområde

(1) Forskrifta fastset hovudreglane for studium ved Fagskulen Vestland, innanfor rammene av fagskoleloven og sentrale forskrifter frå departementet og NOKUT. (2) Forskrifta gjeld for alle studium ved Fagskulen Vestland. (3) Lov og forskrift gitt av lovgivar eller NOKUT skal ved motstrid gå framfor føresegner gitt i denne forskrifta.

Denne forskriften inneholder hovedreglene for alle studier ved Fagskulen Vestland. Hvis det er motstrid mellom denne forskriften og overordnede lover eller regler fra NOKUT, er det de overordnede reglene som gjelder.AI

Kapittel 2. Organisering av studia

Organisering

(1) Ved Fagskulen Vestland er utdanningane bygde opp av emne. (2) Kvar utdanning skal ha ein studieplan. Studieplanen er ein kontrakt mellom Fagskulen Vestland og studentane, og viser planlagt fagleg progresjon og gjennomføring av utdanninga. Studieplanen er grunnlag for grad og vitnemål. (3) Studieplanen skal informere om opptakskrav, faginnhald, struktur og undervisnings-, lærings- og vurderingsformer, inkludert praksis, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-1 siste ledd. (4) Eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng, jf. fagskoleloven § 17a første ledd.

Utdanningene ved Fagskulen Vestland er bygget opp av emner. Hver utdanning har en studieplan som fungerer som en kontrakt mellom skolen og studentene, og som danner grunnlaget for vitnemålet. Et fullt studieår tilsvarer 60 studiepoeng.AI

Se ogsåFagskoletilsynsforskriften § 2-1Fagskoleloven § 17 a

Oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne

(1) Ved Fagskulen Vestland skal saker om oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne behandlast slik: a) Dersom fagskulen har akkreditering for fagområde, har styret fullmakt til sjølv å akkreditere nye fagskuleutdanningar og godkjenne vesentlege endringar i fagskuleutdanningane innan det akkrediterte fagområdet, jf. fagskoleforskriften § 48 tredje ledd. b) Dersom fagskulen ikkje har akkreditering for fagområde, skal styret søke NOKUT om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og godkjenning av vesentlege endringar i allereie akkrediterte tilbod, jf. fagskoleforskriften § 47 første ledd. c) Styret skal informere NOKUT om nedlegging av utdanningar. (2) I medhald av fagskoletilsynsforskriften § 5-1 første ledd skal styret melde NOKUT om a) nye utdanningar innanfor eit akkreditert fagområde b) nye studiestader for ei utdanning c) endring av studiestad for ei utdanning d) endring av namnet på ei utdanning e) endring av det samla læringsutbyttet for ei utdanning f) endring av utdanningsform for ei utdanning. (3) For endringar etter andre ledd bokstav b til f i utdanningar som ikkje inngår i eit akkreditert fagområde, vil NOKUT vurdere om endringane gjer det nødvendig å søke om ny akkreditering, jf. fagskoletilsynsforskriften § 5-1 siste ledd. Endring i totalt antal studiepoeng for ei utdanning vil alltid krevje ny akkreditering. (4) Øvrige endringar som ikkje er omfatta av reglane i første til tredje ledd, og som ikkje endrar det samla læringsutbyttet for utdanninga, kan gjennomførast av utdanningsleiar utan søknad eller melding til NOKUT. (5) Ved endring eller nedlegging i utdanningar eller emne, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at studentane får høve til å fullføre utdanninga eller emnet.

Reglene bestemmer hvordan Fagskulen Vestland kan opprette, endre eller legge ned utdanninger og emner. Noen endringer kan styret vedta selv, mens andre krever søknad til eller melding fra NOKUT. Ved endringer eller nedleggelse skal det finnes ordninger som lar studentene fullføre utdanningen.AI

Se ogsåFagskoleforskriften § 48Fagskoleforskriften § 47Fagskoletilsynsforskriften § 5-1

Kapittel 3. Studierett

Opptak

For opptak til utdanningar ved Fagskulen Vestland gjeld lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven), forskrift om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleforskriften), forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, samt reglane her.

Denne bestemmelsen fastslår hvilke lover og forskrifter som gjelder når man søker opptak til utdanninger ved Fagskulen Vestland.AI

Studierett

(1) Studierett er å vere tatt opp som student ved ei utdanning eller eit emne, og ha status som student. (2) Studentar som er tatt opp ved Fagskulen Vestland har studierett på den utdanninga eller det emnet, og ved den studiestaden, som opptaket gjeld. (3) Studierett gir studenten rett til å følge og delta i undervisning, medrekna plikt til å gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar, i samsvar med emneplanen. (4) Studierett gir studenten rett til å bli vurdert i samsvar med studieplanen. (5) Studierett gir studenten rett til å få tilgang til fagskulen sine ressursar, for eksempel lokale, lesesalar, datamaskiner osv., i samsvar med emneplanen og fagskulen sine reglement. (6) Ved opptak blir studenten tildelt studierett med ei varigheit lik normert studietid for utdanninga eller emnet hen er tatt opp til. For utdanningar med eitt til tre års varigheit, kan studieretten etter avtale maksimalt vere gyldig i eitt år utover normert studietid. Avgrensinga i studieretten gjeld ikkje for innvilga permisjon, vedtak om tilrettelagd studieløp, gyldig fråvær ved obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering, samt vedtak om bortvising og utestenging. (7) Ved overgang eller opptak til ny utdanning ved fagskulen vil som hovudregel den eksisterande studieretten opphevast.

Studierett betyr at man er tatt opp som student og har rett til undervisning, vurdering og bruk av skolens ressurser. Retten gjelder for den utdanningen, det emnet og den studiestedet man er tatt opp ved.AI

referert av 1

Krav til studentane

(1) Studentane plikter å a) sette seg inn og halde seg oppdatert på fagskulen sine reglar og retningslinjer b) sette seg inn og halde seg oppdatert på organiseringa av studiet, obligatoriske læringsaktivitetar, vurdering, tidsfristar og anna relevant informasjon c) halde seg oppdatert på informasjon og kunngjeringar frå fagskulen. (2) Studentane plikter å a) betale semesteravgift innan fristen der dette er påkravd b) betale anna fastsett avgift innan fristen der dette er påkravd. (3) Studentar i permisjon skal som hovudregel ikkje betale eventuell(e) påkravd(e) avgift(er). Eventuell betaling etter andre ledd gjeld likevel for studentar i permisjon som ønsker å følge undervisning, framstille seg for vurdering eller nytte seg av velferdstenester. (4) Brot på pliktene i andre ledd kan føre til tap av studierett, jf. § 3-5. (5) Studentane må stille med berbar datamaskin til bruk i undervisning og vurdering.

Studenter må holde seg oppdatert på skolens regler, organisering og informasjon. De må betale pålagte avgifter innen fristen og ha egen bærbar datamaskin. Manglende betaling av avgifter kan føre til at man mister studieretten.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-5referert av 3

Krav til studieprogresjon

(1) For å gå vidare med utdanninga påfølgande år, kan studentar ikkje ligge etter med meir enn 20 studiepoeng, med mindre det er fastsett andre krav til studieprogresjon i studieplanen. Ved særskilde forhold kan fagskulen gi dispensasjon frå krava til studieprogresjon etter søknad frå studenten. (2) Studentar som ikkje følger kravet om studieprogresjon skal bli varsla.

Studenter må følge kravene til studieprogresjon for å fortsette utdanningen neste år. Det er mulig å søke om dispensasjon ved spesielle forhold, og studenter som ikke oppfyller kravene skal varsles.AI

referert av 1

Tap av studierett

(1) Fagskulen kan trekke tilbake studieretten dersom a) studenten melder at hen ønsker å avslutte utdanninga b) studenten ikkje oppfyller krava i § 3-3 andre ledd der dette er påkravd c) studenten byter til ei anna utdanning ved Fagskulen Vestland, jf. § 3-2 siste ledd d) studenten ikkje oppfyller krava til studieprogresjon i § 3-4 e) studenten har brukt maksimalt antal vurderingsforsøk utan å ha bestått eit emne som er obligatorisk for utdanninga, jf. § 6-14 f) den maksimale gyldigheitsperioden for studieretten er over, jf. § 3-2 sjette ledd g) studenten blir utestengd frå utdanninga etter fagskoleloven § 26 tredje ledd h) studenten har fullført og bestått utdanninga. (2) Vedtak etter første ledd bokstav d og f skal ta omsyn til innvilga permisjon, vedtak om tilrettelagd studieløp, gyldig fråvær ved obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering, samt vedtak om bortvising og utestenging. (3) Studentar som mister studieretten etter første ledd bokstav a til g må søke nytt opptak til fagskulen for å få fullføre utdanninga. Opptak kan vere avgrensa av reglar om progresjon og antal vurderingsforsøk, jf. §§ 3-4 og 6-14.

Fagskulen kan trekke tilbake retten til å studere dersom studenten avslutter utdanningen, ikke oppfyller krav til opptak eller progresjon, har brukt opp forsøkene sine, tidsfristen er ute, blir utestengt eller har bestått utdanningen.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-3Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-2Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-14referert av 2

Kapittel 4. Tilpassing av studia og fråvær

Permisjon

(1) Studentane har etter søknad rett til permisjon frå utdanninga når dei er i teneste etter forsvarsloven § 17, når dei har verv i studentpolitiske eller folkevalde organ, og når det ligg føre andre særlege grunnar. Studentane skal få permisjon så lenge behovet tilseier det. I permisjonsperioden har studenten framleis studierett og rett til å gå opp til eksamen ved fagskulen, jf. fagskoleloven § 28a. (2) Ein gravid student har etter søknad rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden mellom tre veker før fastsett termindato og seks veker etter fødsel. Barnets andre forelder har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er innanfor to veker etter fødselen, jf. fagskoleloven § 28 første ledd. (3) Ein student som får barn under utdanninga, har etter søknad rett til permisjon frå utdanninga under svangerskapet og til omsorg for barn. I permisjonsperioden har studenten framleis status som student ved fagskulen, og har rett til å starte opp igjen utdanninga på same nivå som før permisjonen, jf. fagskoleloven § 28 andre ledd. (4) Fagskulen skal legge til rette for at studentar i permisjon etter andre og tredje ledd kan starte opp igjen utdanninga så raskt som mogleg etter permisjonen, jf. fagskoleloven § 28 tredje ledd. (5) Søknad om permisjon må meldast til fagskulen så snart som råd. Ved søknaden skal det vedleggast dokumentasjon for permisjonsgrunnlaget, for eksempel terminstadfesting eller sjukemelding frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attestar, erklæringar og liknande skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15. (6) Ved permisjon blir lengda på studieretten justert for permisjonsperioden. Permisjon etter første ledd blir som hovudregel innvilga for inntil eitt år om gongen. (7) For betaling av eventuell(e) påkravd(e) avgift(er) under permisjon, sjå § 3-3 tredje ledd.

Se ogsåForsvarsloven § 17Fagskoleloven § 28Helsepersonelloven § 15Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-3

Tilrettelegging av undervisning og vurdering

(1) Studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilde behov har etter fagskoleloven § 15 femte ledd rett til eigna individuell tilrettelegging av undervisning og vurdering. Fagskulen Vestland skal ikkje avslå eit tiltak av økonomiske eller administrative omsyn, med mindre det aktuelle tiltaket inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen. (2) Tilrettelegginga skal ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilt i den enkelte utdanninga, jf. fagskoleloven § 15 femte ledd. (3) Behovet for tilrettelegging skal dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attesten skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15. Attesten skal innehalde dei opplysningane som fagskulen treng for å avgjere kva tilrettelegging(ar) som er nødvendig(e) i undervisnings- eller vurderingssituasjonen. (4) Søknad om tilrettelagt undervisning og vurdering skal rettast til fagskulen innan 1. oktober for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret, eller snarast mogleg etter at behovet oppstod. Behovet for tilrettelegging skal dokumenterast på nytt kvart semester. Fagskulen kan gjere unntak frå dette dersom grunnlaget for tilrettelegginga er av permanent karakter.

Studenter med funksjonsnedsettelse eller spesielle behov har rett til individuell tilrettelegging av undervisning og vurdering. Tilretteleggingen skal ikke føre til lavere faglige krav, og behovet må dokumenteres med attest fra fagperson.AI

Se ogsåFagskoleloven § 15 første ledd

Gyldig fråvær

(1) Følgande blir rekna som gyldig fråvær: a) eigen sjukdom som gjer gjennomføringa av undervisning eller vurdering umogleg eller urimeleg å krevje b) sjukdom hos barn som studenten har omsorg for, med dei avgrensingar som går fram av arbeidsmiljøloven § 12-9 c) dødsfall i nær familie eller andre nærståande til studenten, for ein periode på inntil to veker frå dødsfallet d) gravferd og liknande til personar i nær familie eller andre nærståande til studenten e) lovpålagt oppmøte annan stad f) andre forhold som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører. (2) Gyldig fråvær på grunn av sjukdom eller liknande skal dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attesten skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15. Attesten må dokumentere at studenten av helsemessige årsaker som nemnt i bokstav a eller b ikkje kunne gjennomføre den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, og spesifisere kva dagar fråværet gjeld. Ved dødsfall, gravferd eller liknande må studenten oppgi kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde. Studentar som viser til andre forhold som gyldig fråvær må dokumentere desse på eigna måte. (3) Dokumentasjon for gyldig fråvær skal leverast så snart som mogleg, og seinast to veker etter at den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga blei avslutta. For praksisperiodar skal dokumentasjon leverast straks. (4) Dersom studenten har levert inn den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, kan det ikkje registrerast gyldig fråvær i ettertid.

Reglene fastslår hva som regnes som gyldig fravær ved studiene, for eksempel sykdom, dødsfall i nær familie eller lovpålagt oppmøte. Slikt fravær må dokumenteres med attest eller annen egnet dokumentasjon innen bestemte frister.AI

Se ogsåArbeidsmiljøloven § 12-9 første leddHelsepersonelloven § 15

Rettar ved gyldig fråvær

(1) Studentar med gyldig fråvær frå obligatorisk læringsaktivitet har rett til ny gjennomføring av aktiviteten før vurdering i emnet, dersom dette er praktisk mogleg og ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen. (2) Studentar med gyldig fråvær til ordinær vurdering har rett til ny gjennomføring av vurderinga (kontinuasjonsvurdering). For gjennomføring av kontinuasjonsvurdering, sjå § 6-17. (3) Studentar med gyldig fråvær brukar ikkje eit vurderingsforsøk, jf. § 6-15 andre ledd.

Studenter med gyldig fravær kan få gjennomført obligatoriske aktiviteter på nytt hvis det er praktisk mulig. De har også rett til ny vurdering, og fraværet teller ikke som et brukt vurderingsforsøk.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-17Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-15referert av 2

Godskriving og fritak

(1) Fagskulen avgjer søknad om bruk av anna/tidlegare utdanning frå Fagskulen Vestland som skal inngå i ny grad ved fagskulen. (2) Fagskulen skal etter søknad godskrive beståtte emne frå andre fagskuleutdanningar som oppfyller dei faglege krava for emna det blir søkt om godkjenning for, dersom dei aktuelle fagskuleutdanningane ligg innanfor det same eller nært beslekta fagområdet, jf. fagskoleloven § 8 første ledd. (3) Ved søknad kan fagskulen etter ei fagleg vurdering gi fritak for emne på grunnlag av anna dokumentert relevant utdanning og kompetanse, eller dokumentert realkompetanse, jf. fagskoleloven § 8 andre ledd. Fritak skal bygge på ei fagleg vurdering frå den enkelte fagskule. Fritak på bakgrunn av realkompetanse må baserast på ei fagleg vurdering av om søkaren sin bakgrunn, frå arbeidsliv, frivillig sektor, utdanning og/eller anna, samla kan gi grunnlag for fritak for ein del av fagskuleutdanninga, jf. fagskoleforskriften § 37 siste ledd. (4) Utgangspunktet for vurderingar om godskriving og fritak er læringsutbyttebeskrivingane for den aktuelle utdanninga eller det aktuelle emnet, og studiepoeng eller andre vurderingar av omfang, nivå og arbeidsbelastning for emnet eller kompetansen det blir søkt om godskriving eller fritak for, jf. fagskoleforskriften § 37 første ledd. (5) Det blir ikkje gitt dobbel utteljing for det same faginnhaldet, jf. fagskoleloven § 8 første ledd. (6) Frist for søknad om godskriving av eller fritak for emne er 1. oktober for emna i haustsemesteret og 1. februar for emna i vårsemesteret. (7) Søknad etter andre og tredje ledd må innehalde følgande dokumentasjon: a) vitnemål/karakterutskrift b) studieplan/emneplan frå det semesteret vurdering i emnet blei avlagt c) pensumliste frå det semesteret vurdering i emnet blei avlagt d) eventuelle andre relevante dokument. (8) For at Fagskulen Vestland skal kunne skrive ut vitnemål eller annan dokumentasjon for fullført utdanning, må studenten avlegge studiepoeng ved fagskulen tilsvarande minste resultatberande eining i fagskuleutdanninga studenten ønsker vitnemål eller annan dokumentasjon for, jf. fagskoleforskriften § 38.

Se ogsåFagskoleloven § 8Fagskoleforskriften § 37Fagskoleforskriften § 38

Kapittel 5. Undervisning

Studieåret

(1) Det er undervisnings- og vurderingsfri på følgande dagar: a) frå 24. desember til 1. januar b) på heilagdagar c) mellom semestera. (2) Det kan gjerast unntak frå første ledd for praksis og liknande, inkludert førebuingar, samt for studentar med rett til ny obligatorisk læringsaktivitet eller ny vurdering etter § 4-4. (3) Litteratur- og utstyrsliste skal publiserast på fagskulen si heimeside seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. (4) Plan for gjennomføring av vurdering skal vere tilgjengeleg for studentane seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Reglene fastslår når det er undervisnings- og vurderingsfri i løpet av studieåret. Det gjeld også frister for når lister over utstyr og litteratur, samt vurderingsplanar, skal vere publiserte.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 4-4

Undervisningsstad

Undervisning skal finne stad i fagskulen sine lokale, andre stader som er tilknytt til eller har avtale med fagskulen, eller på fagskulen sine digitale læringsplattformer. Praksis blir gjennomført på praksisstaden. Fagskulen kan for enkelte emne fastsette annan undervisningsstad i emneplanen.

Undervisningen foregår i fagskulens lokaler, på digitale plattformer eller på steder fagskulen har avtale med. Praksis skjer på praksisstedet. For enkelte emner kan andre steder bestemmes i emneplanen.AI

Undervisningsspråk

(1) Undervisningsspråket ved Fagskulen Vestland er norsk. (2) Fagskulen kan i emneplanen fastsette at undervisning og litteratur for enkelte utdanningar eller emne skal vere på engelsk.

Hovedregelen er at undervisningen ved Fagskulen Vestland foregår på norsk. Det kan imidlertid bestemmes i emneplanen at undervisningen og pensum skal være på engelsk for enkelte emner eller utdanninger.AI

Obligatorisk læringsaktivitet

(1) Obligatoriske læringsaktivitetar er alle dei aktivitetane som emneplanen har sett som vilkår for å få vurdering. Obligatoriske læringsaktivitetar kan for eksempel vere innleveringar, krav om frammøte, prøver, gruppearbeid, rapportar, lab. (2) Obligatoriske læringsaktivitetar er ikkje ein del av karaktergrunnlaget i emnet, men må vere godkjente for at studenten skal kunne framstille seg for vurdering, jf. § 6-4 første ledd. (3) Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode. (4) Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar kan som hovudregel ikkje bli gjennomført på nytt innanfor gyldigheitsperioden, jf. tredje ledd. (5) Studentar som har gjennomført ein obligatorisk læringsaktivitet, men ikkje fått denne godkjent, har rett til ei ny gjennomføring av aktiviteten før vurdering i emnet. Dette føreset at ny gjennomføring er praktisk mogleg og ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen.

Obligatoriske læringsaktiviteter er krav som må være godkjent for at man kan avlegge eksamen eller vurdering. Disse aktivitetene gir ikke karakter i seg selv. Godkjenningen er som regel gyldig i to semestre.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-4referert av 2

Praksis

(1) Praksis er ein rettleidd og vurdert del av utdanninga som skal føregå i eit relevant yrkesfelt. (2) Det skal gå fram av emneplanen kva emne, vurderingar og obligatoriske læringsaktivitetar som må vere fullført og bestått før praksisen startar. (3) Det kan gjennomførast obligatoriske læringsaktivitetar knytt til praksisgjennomføringa undervegs i praksisen. Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten skal få praksisen vurdert, jf. § 5-4 andre ledd. (4) Praksis blir vurdert til «bestått» / «ikkje bestått». (5) Står studenten i fare for ikkje å bestå praksis, og faren oppstår på eit tidspunkt kor studenten har høve til å rette opp i forholda, skal studenten varslast om dette i samtale med praksisstaden og fagskulen. (6) Studentar som ikkje fullfører eller består praksis må ta heile praksisperioden på nytt ved eit eventuelt nytt forsøk. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon. For antal vurderingsforsøk i praksis, sjå § 6-14 fjerde ledd. (7) Ved gyldig fråvær skal fagskulen legge til rette for at studenten kan gjennomføre praksisperioden til ordinær tid, dersom dette er praktisk mogleg og ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen. Sjølv om fråværet er gyldig kan forseinkingar få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Praksis er en veiledet del av utdanningen som foregår i et relevant yrkesfelt og vurderes som bestått eller ikke bestått. Noen krav må være oppfylt før oppstart, og studenter som stryker må gjenta hele perioden ved et nytt forsøk.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 5-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-14

Krav til studentar i praksis

(1) Ein student som i studiesamanheng får kjennskap til nokon sine personlege forhold, har teieplikt etter dei reglane som gjeld for yrkesutøvarar på vedkommande livsområde. (2) Farlege handlingar eller åtferd, grovt usømmeleg framferd og brot på lovfesta teieplikt i praksisopplæringa kan medføre utestenging frå fagskulen, jf. § 9-5 femte ledd. (3) For krav om politiattest ved klinisk undervisning eller praksis, sjå § 9-7. (4) For vurdering av skikkaheit, sjå § 9-6.

Studenter i praksis har taushetsplikt om personlige forhold de blir kjent med. Alvorlige feil, farlig oppførsel eller brudd på taushetsplikten kan føre til utestengelse fra skolen.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 9-5 første leddForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 9-7Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 9-6

Kapittel 6. Vurdering

Vurdering

(1) Vurdering er all prøving av studentane som verkar inn på den endelege karakteren i emnet. (2) Formålet med vurdering er å fremme læring, og etterprøve den kunnskapen, ferdigheita og kompetansen som studentane skal ha tileigna seg i emnet.

Vurdering omfatter alle prøver som påvirker sluttkarakteren i et emne. Hensikten er å fremme læring og kontrollere at studentene har oppnådd nødvendig kunnskap, ferdigheter og kompetanse.AI

Vurderingsspråk

(1) Oppgåvetekster ved fagskulen skal vere på norsk, med mindre anna følger av emneplanen. Studentane kan be om å få oppgåveteksta på begge målformer. Studentane kan etter søknad få oppgåveteksta på engelsk. (2) Oppgåvesvar skal leverast på norsk, svensk eller dansk, med mindre anna følger av emneplanen. Studentane kan levere oppgåvesvaret på begge målformer. Studentane kan etter søknad levere oppgåvesvaret på engelsk.

Oppgavetekster og svar ved fagskolen skal som hovedregel være på norsk, med mindre emneplanen sier noe annet. Det er mulig å få tekster på begge målformer eller engelsk etter søknad, og svar kan leveres på norsk, svensk eller dansk.AI

Vurderingsform

(1) Ved Fagskulen Vestland skal studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse bli prøvd og vurdert på ein upartisk og fagleg forsvarleg måte, jf. fagskoleloven § 21 første ledd. Prøving og vurdering av studentane skal gjennomførast slik at fagskulen, på eit mest mogleg sikkert grunnlag, kan vurdere i kva grad studentane har nådd læringsutbyttet for utdanninga eller emnet. Fagskulen avgjer kva vurderingsformer som skal brukast for å sikre dette. (2) Fagskulen kan bestemme at ei vurderingsform skal brukast aleine eller i kombinasjon med andre vurderingsformer. Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsform eit emne har. (3) Ei vurdering som består av fleire vurderingsdelar er ikkje bestått før alle vurderingsdelane er bestått. Vekta av kvar vurderingsdel skal gå fram av emneplanen som ein brøk eller prosentandel av den samla karakteren. (4) Dersom ein eller fleire vurderingsdelar, og dermed endeleg karakter, ikkje er bestått, må studenten normalt ta alle vurderingsdelar på nytt ved eit eventuelt nytt vurderingsforsøk.

Studentenes kunnskaper og ferdigheter skal vurderes på en upartisk og faglig forsvarlig måte. Fagskolen bestemmer hvilke vurderingsformer som brukes. Hvis en vurdering består av flere deler, må alle delene bestås for at hele vurderingen skal være bestått.AI

Se ogsåFagskoleloven § 21referert av 1

Rett til vurdering

(1) Ein student som har studierett ved Fagskulen Vestland har rett til vurdering i eit emne dersom hen har etterlevd pliktene i § 3-3 andre ledd, og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar i emnet i samsvar med emneplanen, jf. § 5-4 andre ledd. (2) Studentar som ikkje oppfyller vilkåra for vurdering skal varslast om dette seinast éi veke før vurderinga. (3) Studentar som følger normalt studieår blir automatisk meldt opp til ordinær vurdering i emnet. Studentane må sjølv søke om å få avlegge kontinuasjonsvurdering eller ny ordinær vurdering i eit emne.

Studenter med studierett har krav på vurdering i et emne hvis de har oppfylt sine plikter og fått godkjent alle obligatoriske aktiviteter. Studenter som følger normalt studieår blir automatisk meldt opp, mens andre må søke selv.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-3Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 5-4referert av 3

Gjennomføring av vurdering

(1) Så langt reglane her samsvarer med vurderingsforma, pliktar studentane å a) svare i samsvar med dei formelle krava til vurderinga (ordgrense m.m.) b) følge fagskulen sine reglement c) ikkje bruke anna enn lovlege hjelpemiddel d) legitimere seg på gyldig måte e) levere oppgåvesvaret innanfor fristen f) ikkje forstyrre andre i arbeidet, og g) rette seg etter meldingar frå fagskulen og eksamensvaktene. (2) Emneplanen fastset kva hjelpemiddel som er tillate i ein vurderingssituasjon, og reglane for eventuell kontroll av desse. (3) Studentane skal kjenne til kva reglar som gjeld for bruk av hjelpemiddel og kjelder ved den enkelte vurdering, reglane for eventuell kontroll av desse og kva som blir rekna som fusk eller forsøk på fusk ved bruk av hjelpemiddel og kjelder. (4) Brot på føresegnene her kan bli rekna som fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk.

Studenter må følge formelle krav, regler og frister under vurderinger. De må bruke lovlige hjelpemidler og rette seg etter anvisninger fra fagskulen. Brudd på disse reglene kan anses som fusk.AI

Om skriftleg skuleeksamen

(1) Skriftleg skuleeksamen er normalt ei skriftleg, individuell prøve som blir arrangert i lokale anvist av fagskulen og under tilsyn, med fastsett tid for utlevering og innlevering av oppgåva. (2) Skriftleg skuleeksamen kan avviklast digitalt eller med penn og papir. Ved digital skuleeksamen er studentane sjølv ansvarlege for eige utstyr, og for å ha lasta ned nødvendig programvare.

Skriftlig skoleeksamen er normalt en individuell prøve som foregår under tilsyn på steder bestemt av fagskulen. Eksamen kan være digital eller med penn og papir. Ved digital eksamen har studentene selv ansvar for utstyr og programvare.AI

Om munnleg eksamen

(1) Munnleg eksamen blir gitt enten som sjølvstendig vurderingsform eller som sjølvstendig vekta vurderingsdel med karakterfastsetting. (2) Emneplanen fastset om munnleg eksamen skal vere individuell eller i form av gruppearbeid.

Munnlig eksamen kan være den eneste vurderingen eller en del av en samlet karakter. Emneplanen bestemmer om eksamen skal gjennomføres individuelt eller i gruppe.AI

Om heimeeksamen

(1) Heimeeksamen er normalt eit skriftleg digitalt arbeid, arrangert utan tilsyn, med fastsett tid for utlevering og innlevering av oppgåva. (2) Emneplanen fastset om heimeeksamen skal vere individuell eller i form av gruppearbeid.

Heimeeksamen er vanlegvis ei skriftleg digital oppgåve som blir løyst utan tilsyn innanfor ei fastsett tid. Emneplanen avgjer om oppgåva skal gjerast individuelt eller som gruppearbeid.AI

Om mappevurdering

(1) Ei mappevurdering er samansett av fleire arbeid som skal gjennomførast i løpet av eit emne eller samla mot slutten av eit emne. Sensuren skal fastsettast på grunnlag av heile mappa. (2) Ved mappevurdering skal det gå fram av emneplanen kva som skal inngå i mappa og korleis gjennomføringa skal skje. (3) Emneplanen fastset om mappevurderinga skal vere individuell eller i form av gruppearbeid.

En mappevurdering består av flere arbeider som gjøres i løpet av eller på slutten av et emne. Karakteren settes basert på hele mappen. Emneplanen skal beskrive innholdet, gjennomføringen og om arbeidet skal gjøres alene eller i gruppe.AI

Om gruppevurdering

(1) Ved gruppevurdering skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet kan vere individuell eller lik for heile gruppa. (2) Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt, skal det hentast inn skriftleg fråsegn frå fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Fagskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt til vurdering dersom studenten ikkje bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg. Studenten har rett til å uttale seg før det blir fatta vedtak i saka. (3) Heile gruppa har ansvar for å sørge for at produktet er komplett. Om produktet ikkje er i tråd med kjeldereglar og retningslinjer for vurdering, kan alle gruppedeltakarane bli mistenkt for fusk etter kapittel 9. (4) Når munnleg, justerande munnleg og praktisk vurdering blir gjennomført i gruppe, skal sensorane sørge for at alle studentane i gruppa blir eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karakterfastsettinga.

Ved gruppevurdering skal alle bidra til et felles produkt, og karakteren kan være enten individuell eller lik for hele gruppa. Hvis en student ikke bidrar nok, kan skolen vedta at studenten ikke har møtt til vurdering. Gruppa har et felles ansvar for at produktet følger gjeldende regler.AI

Om praktisk vurdering

(1) Ved praktisk vurdering skal studenten løyse praktiske oppgåver og bli prøvd i ferdigheiter i emnet. Praktisk vurdering kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon. (2) Emneplanen fastset om den praktiske vurderinga skal vere individuell eller i form av gruppearbeid.

Praktisk vurdering innebærer at studenten skal løse oppgaver og vise ferdigheter i emnet. Dette kan kombineres med skriftlige eller muntlige prøver. Emneplanen bestemmer om vurderingen skjer individuelt eller i gruppe.AI

Om hovudprosjekt

(1) Hovudprosjektet er eit eige emne som blir gjennomført mot slutten av utdanninga, for dei studia som har hovudprosjekt fastsett i studieplanen. Hovudprosjektet er eit fagleg fordjupande arbeid. (2) Eit hovudprosjekt kan vere individuelt eller i form av gruppearbeid. Emneplanen fastset om hovudprosjektet skal vere individuelt eller i form av gruppearbeid.

Hovedprosjektet er et faglig fordypningsarbeid som gjennomføres mot slutten av utdanningen for studier der dette er fastsatt i studieplanen. Prosjektet kan utføres enten alene eller i gruppe, avhengig av hva som står i emneplanen.AI

Om justerande munnleg høyring

Ved sensur av skriftlege vurderingar kan det bli gjennomført ei justerande munnleg høyring. Det må følge av emneplanen at ei slik høyring kan bli gjennomført. Ei justerande munnleg høyring skal ha særleg tett samanheng med det føregåande skriftlege arbeidet. Ved justerande munnleg høyring kan karakteren på bestått resultat bli justert opp eller ned med éin karakter

Det kan bli halde ei munnleg høyring i samband med sensur av skriftlege oppgåver. Dette føreset at det står i emneplanen. Karakteren kan då bli justert opp eller ned med éin karakter.AI

Antal vurderingsforsøk

(1) Studentane har tre vurderingsforsøk i kvart emne. Fagskulen avgjer søknad om eit fjerde vurderingsforsøk der særskilde forhold ligg føre, og kva som eventuelt må avleggast på nytt, jf. § 6-3 siste ledd. For praksis og gruppevurdering, sjå fjerde og siste ledd. (2) Avgrensinga i antalet vurderingsforsøk gjeld sjølv om emnet har skifta namn, emnekode eller inngår med ulik kode i fleire utdanningar. (3) Avgrensinga i antalet vurderingsforsøk gjeld sjølv om studenten har fått nytt opptak til fagskulen, uavhengig av om emnet inngår i same eller ei anna utdanning enn den utdanninga studenten hadde studierett til ved tidlegare forsøk. (4) Ikkje bestått praksis kan etter søknad til fagskulen gjennomførast på nytt éin gong. Praksis med bestått resultat kan ikkje gjennomførast på nytt. (5) Ikkje bestått gruppevurdering kan etter søknad til fagskulen gjennomførast på nytt éin gong i løpet av dei to påfølgande semestera. Gruppevurdering med bestått resultat kan ikkje gjennomførast på nytt.

Studenter har tre forsøk på å bestå hvert emne. Det er mulig å søke om et fjerde forsøk ved spesielle forhold. Praksis og gruppevurderinger som ikke er bestått kan etter søknad gjentas én gang.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-3referert av 2

Teljande vurderingsforsøk

(1) Studenten bruker eit vurderingsforsøk dersom hen a) gjennomfører vurdering, uavhengig av resultatet b) ikkje møter til vurdering c) ikkje leverer / avbryt vurdering d) trekker seg etter fristen e) ikkje dokumenterer gyldig fråvær innan fristen, eller f) får vurderinga annullert etter fagskoleloven § 24. Studenten blir likevel ikkje rekna for å ha brukt eit vurderingsforsøk dersom studenten ikkje oppfyller vilkåra for vurdering, jf. § 6-4 første ledd. (2) Studentar med gyldig fråvær brukar ikkje eit vurderingsforsøk, jf. § 4-4 siste ledd. (3) Fristen for å trekke seg frå vurdering er to veker før vurderinga startar. Denne fristen gjeld også for studentar som har meldt seg opp til kontinuasjonsvurdering eller ny ordinær vurdering i eit emne. For utfyllande reglar om kontinuasjonsvurdering, sjå § 6-17.

Denne regelen forklarer når en eksamen eller vurdering regnes som et brukt forsøk. Det gjelder uavhengig av resultatet, eller hvis man ikke møter opp eller leverer. Gyldig fravær eller manglende oppfyllelse av vilkår for vurdering teller ikke som et forsøk.AI

Se ogsåFagskoleloven § 24Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 4-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-17referert av 3

Avbrot av vurdering

(1) Ei vurdering er avbroten dersom den er starta, og arbeidet ikkje er levert innanfor fristen. Det same gjeld dersom vurderinga består av fleire vurderingsdelar og studenten ikkje leverer, ikkje møter opp e.l. til éin eller fleire av vurderingsdelane. (2) Brot på dei formelle krava til vurdering (ordgrense m.m.) skal reknast som ikkje levert. (3) Ei vurdering blir rekna som påbyrja a) ved skriftleg skuleeksamen: straks oppgåva er utlevert eller ved førehandskontroll av hjelpemiddel. b) ved heimeeksamen: straks oppgåva er tilgjengeleg for studentane. c) ved mappevurdering: ved innleveringsfristen for det første av arbeida som går inn i vurderinga. d) ved munnleg eller praktisk eksamen: straks studenten tar til med eventuell førebuing, elles når eksaminasjonen startar. e) ved praksis: frå første praksisdag. Om vurderinga består av fleire vurderingsdelar, blir vurderinga rekna som påbyrja når den første vurderingsdelen startar. (4) For andre vurderingsformer startar vurderinga på det tidspunktet som er bestemt i emneplanen. (5) Vurderinga sluttar på den tida som fagskulen har bestemt.

En vurdering regnes som avbrutt dersom arbeidet ikke leveres innen fristen, eller hvis man ikke møter til deler av vurderingen. Brudd på formelle krav, som ordgrense, regnes også som ikke levert. Reglene definerer når ulike typer vurderinger regnes som påbegynte og avsluttet.AI

Kontinuasjonsvurdering

(1) Studentar som har gyldig fråvær til eller har stroke på ordinær vurdering, har rett på kontinuasjonsvurdering. Retten gjeld med dei avgrensingar som følger av § 6-4 og føresegnene i kapittelet her. Kontinuasjonsvurdering tel som eit vurderingsforsøk, jf. § 6-15. (2) Rett til kontinuasjonsvurdering gjeld ikkje for studentar som a) har gjennomført vurdering med bestått resultat b) trekker seg frå ordinær vurdering c) ikkje møter / ikkje leverer / avbryt ordinær vurdering utan gyldig fråvær d) ikkje dokumenterer gyldig fråvær innan fristen e) får vurderinga annullert etter fagskoleloven § 24. Fagskulen kan likevel etter søknad gi studenten høve til å avlegge kontinuasjonsvurdering når det blir arrangert kontinuasjonsvurdering for studentar etter første ledd. (3) Ved kontinuasjonsvurdering skal vurderinga gjennomførast med same pensum som ved siste ordinære vurdering, og med same vurderingsform. (4) Dersom studenten ikkje har teljande resultat etter kontinuasjonsvurdering, må studenten framstille seg til ny ordinær vurdering. I slike tilfelle gjeld pensumet, vurderingsforma og eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar som er fastsett for den nye vurderingsavviklinga.

Studenter som har gyldig fravær eller har stryk på den ordinære vurderingen, har rett til en kontinuasjonsvurdering. Denne vurderingen skal ha samme pensum og form som den forrige. Hvis man ikke består denne, må man ta en ny ordinær vurdering.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-15Fagskoleloven § 24referert av 2

Frivillig gjentak

Studentar som har fullført og bestått eit emne kan forbetre karakterar i inntil eitt år etter at emnet er fullført og bestått, så framt det er søkt innan fristar sett av fagskulen og emnet blir tilbydd i det aktuelle studieåret. Tilsvarande gjeld for studentar som har fullført og bestått utdanninga.

Studenter som har bestått et emne eller en utdanning, kan søke om å ta dette på nytt for å få en bedre karakter. Dette kan gjøres i opptil ett år etter fullføring, forutsatt at emnet tilbys og søknadsfrister overholdes.AI

Kapittel 7. Vurderingsuttrykk og sensur

Vurderingsuttrykk

(1) Vurderingsuttrykket ved avsluttande vurdering, eksamen, prøve, bedømming av oppgåve eller anna vurdering skal enten vere det ugraderte vurderingsuttrykket «bestått» / «ikkje bestått», på engelsk «passed» / «not passed», eller det graderte vurderingsuttrykket A–F, jf. fagskoleforskriften § 40. (2) Bestått resultat med ugradert vurderingsuttrykk vil seie at studenten har nådd læringsutbyttet. (3) Bestått resultat med gradert vurderingsuttrykk blir uttrykt med karakterane A til E. Ikkje bestått resultat med gradert vurderingsuttrykk blir uttrykt med bokstaven F, jf. fagskoleforskriften § 40. (4) Karakterskalaen A–F blir gitt etter følgande allmenne, kvalitative kriterium: • Symbol Nemning Generell, ikkje fagspesifikk beskriving av vurderingskriterium A Framifrå Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. B Mykje god Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. C God Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. D Nokså god Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. E Tilstrekkeleg Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. F Ikkje greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. • Symbol Betegnelse Generell, ikke fagspesifikk beskrivelse av vurderingskriterier A Fremragende Fremragende prestasjon som klart utmerker seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av selvstendighet. B Meget god Meget god prestasjon. Studenten viser meget god vurderingsevne og selvstendighet. C God Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder. Studenten viser god vurderingsevne og selvstendighet på de viktigste områdene. D Nokså god En akseptabel prestasjon med noen vesentlige mangler. Studenten viser en viss grad av vurderingsevne og selvstendighet. E Tilstrekkelig Prestasjonen tilfredsstiller minimumskravene, men heller ikke mer. Studenten viser liten vurderingsevne og selvstendighet. F Ikke bestått Prestasjon som ikke tilfredsstiller de faglige minimumskravene. Studenten viser både manglende vurderingsevne og selvstendighet. • Symbol Description General, quantitative description A Excellent An excellent performance, clearly outstanding. The candidate demonstrates excellent judgement and independent skills and/or understanding. B Very Good A very good performance. The candidate demonstrates very good judgement and independent skills and/or understanding. C Good A good performance in most areas. The candidate demonstrates good judgement and independent skills and/or understanding. D Satisfactory A satisfactory performance, but with significant shortcomings. The candidate demonstrates a limited degree of judgement and independent skills and/or understanding. E Sufficient A performance that meets the minimum criteria, but no more. The candidate meets the minimum criteria and demonstrates a very limited judgement and independent skills and/or understanding. F Failed A performance that does not meet the minimum criteria. The candidate has failed because of an absence of judgement and independent skills and/or understanding of the subject.

Se ogsåFagskoleforskriften § 40

Sensur

(1) Fagskulen skal sørge for at studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse blir prøvd og vurdert på ein upartisk og fagleg forsvarleg måte. Det skal alltid vere ei ekstern evaluering av vurderinga eller vurderingsordningane, jf. fagskoleloven § 21 første ledd. (2) Studenten kan ikkje trekke tilbake eit oppgåvesvar etter innlevering. Det same gjeld for munnleg eller praktisk eksamen frå tidspunktet førebuinga eller eksaminasjonen har starta. (3) Dersom ein student har gjennomført vurdering i same emne fleire gonger, vil den beste karakteren gjelde. (4) Vurderingskriteria som blir brukt ved sensuren bør i størst mogleg grad vere tilgjengelege for studentane. Dersom det er gitt skriftlege retningslinjer for bedømminga, skal studentane ha tilgang til desse etter at karakteren er fastsett, jf. fagskoleloven § 22 tredje ledd. (5) Kunngjering av sensur skjer i Visma InSchool. Fagskulen skal opplyse om retten til å krevje grunngiving og til å klage, jf. fagskoleloven §§ 22 og 23, fristane som gjeld, og kor studenten skal rette krav om grunngiving og klage. Ved munnleg og praktisk eksamen blir sensuren gitt munnleg og med ein gong. (6) Ved ny sensur skal klagesensor ikkje få kjennskap til studenten sin opphavlege karakter, sensor si grunngiving for karakteren eller studenten si grunngiving for klaga, jf. fagskoleloven § 22 fjerde ledd. (7) Om karakteren er fastsett på grunnlag av skriftleg vurdering og justerande munnleg høyring, og karakteren blir endra etter ny sensur av den skriftlege delen, skal det haldast ny justerande munnleg høyring for å få fastsett endeleg karakter.

Reglene beskriver hvordan kunnskaper skal vurderes og senseres ved fagskolen. Det fastslås at studenten ikke kan trekke tilbake svar etter innlevering, og at den beste karakteren gjelder ved gjentatte forsøk. Det gis også rett til grunngivelse og klage på karakteren.AI

Se ogsåFagskoleloven § 21Fagskoleloven § 22 første leddFagskoleloven § 23

Sensurfrist

(1) Ordinær sensur skal vere klar innan tre veker etter at vurderinga blei gjennomført, om ikkje særlege grunnar gjer det nødvendig å bruke meir tid. Om sensuren ikkje kan vere klar innan tre veker, skal studentane varslast om det og samstundes få vite når sensuren kan ventast, jf. fagskoleloven § 21 tredje ledd. (2) Ny sensur skal vere klar innan same fristar som for ordinær sensur, jf. første ledd.

Karakterer skal normalt være klare innen tre uker etter at vurderingen er gjennomført. Dersom det tar lengre tid, skal studentene få beskjed om dette og når resultatet ventes. Det samme gjelder for ny sensur.AI

Se ogsåFagskoleloven § 21

Sensor

(1) Sensor skal ha kompetanse til å vurdere om studentane har oppnådd læringsutbyttet for utdanninga eller emnet, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-5. (2) Styret for Fagskulen Vestland delegerer rektor mynde til å nemne opp sensor ved vurdering når resultatet inngår i vitnemålet eller blir rekna inn i karakter for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 andre ledd. (3) Ved ordinær sensur kan fagskulen sjølv avgjere antalet sensorar. Ved sensurering av vurderingar som ikkje lar seg etterprøve, for eksempel munnleg og praktisk eksamen, krevst det minst to sensorar. (4) Ved ordinær sensur kan fagskulen sjølv avgjere bruk av intern og ekstern sensor. Eksterne sensorar kan ikkje vere tilsett ved Fagskulen Vestland. (5) Ved ny sensur etter fagskoleloven §§ 22 og 23 skal éin eller fleire nye sensorar brukast. Minst éin sensor skal vere ekstern, jf. fagskoleloven § 21 fjerde ledd.

Reglene fastslår at sensorer må ha riktig kompetanse for å vurdere studentene. Ved munnlige og praktiske eksamener kreves det minst to sensorer. Ved ny sensur må minst én av sensorene være ekstern.AI

Se ogsåFagskoletilsynsforskriften § 2-5Fagskoleloven § 21Fagskoleloven § 22 første leddFagskoleloven § 23

Kapittel 8. Grunngiving og klage

Grunngiving

(1) Studenten har rett til å få grunngiving for karakterfastsettinga, jf. fagskoleloven § 22 første ledd. Retten til grunngiving gjeld tilsvarande ved ny sensur. Grunngivinga kan vere munnleg eller skriftleg, jf. fagskoleloven § 22 andre ledd. (2) Ved munnleg eksamen eller bedømming av praktiske ferdigheiter må krav om grunngiving settast fram straks etter at karakteren er formidla. Dersom karakteren blir kunngjort elektronisk, må krav om grunngiving settast fram innan éi veke etter kunngjeringa. Ved anna type kunngjering må studenten krevje grunngiving innan éi veke etter at studenten fekk kjennskap til karakteren, men likevel ikkje seinare enn tre veker etter at karakteren blei kunngjort, jf. fagskoleloven § 22 første ledd. (3) Studenten har rett på grunngiving innan to veker etter at hen har bedt om den. Om grunngivinga ikkje kan vere klar innan to veker, skal studenten varslast om det og samstundes få vite når grunngivinga kan ventast, jf. fagskoleloven § 22 andre ledd.

Studenter har rett til å få en forklaring på hvorfor de fikk en bestemt karakter. Denne grunngivelsen kan gis både muntlig og skriftlig, og skal i utgangspunktet foreligge innen to uker etter forespørsel.AI

Se ogsåFagskoleloven § 22 første ledd

Klage på enkeltvedtak

(1) Enkeltvedtak etter denne forskrifta kan påklagast innan tre veker, jf. forvaltningsloven §§ 28 og 29, med dei avgrensingar som følger av § 8-5 tredje og siste ledd. Klaga må vere skriftleg, og skal rettast til fagskulen. (2) Ved klage skal det forvaltningsorganet som har treft det opphavlege vedtaket ta stilling til om det er grunn til å oppheve eller endre vedtaket det blir klaga på. Dersom slik grunn ikkje ligg føre, skal saka sendast til klageinstansen for endeleg behandling, jf. forvaltningsloven § 33. Klageinstans er Lokal klagenemnd for fagskular i Vestland eller Nasjonal klagenemnd for høyere yrkesfaglig utdanning, jf. § 8-5. (3) Ved klage på karakterfastsetting og formelle feil gjeld reglane i §§ 8-3 og 8-4.

Beslutninger tatt etter denne forskriften kan påklages skriftlig til fagskolen innen tre uker. Den som tok beslutningen vurderer først saken, før den eventuelt sendes videre til en klagenemnd for endelig avgjørelse.AI

Se ogsåForvaltningsloven § 28 første leddForvaltningsloven § 29Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 8-5Forvaltningsloven § 33

Klage på karakterfastsetting

(1) Studenten kan klage skriftleg på karakterfastsettinga, jf. fagskoleloven § 22 fjerde ledd. Ved klage skal det gjennomførast ny sensur. Studenten kan ikkje klage på bedømminga av munnlege prestasjonar, vurderingar av praksisstudiar eller liknande som etter sin art ikkje let seg etterprøve, jf. fagskoleloven § 22 femte ledd. (2) I emne som består av fleire vurderingsdelar, kan klage på sensur settast fram etter kvar enkelt vurdering. (3) Det er individuell klagerett ved gruppevurdering. Ei eventuell endring av karakter etter klage vil berre gjelde for den som har klaga. (4) Ved ny sensur kan karakteren endrast i både favør og disfavør av klagaren, jf. fagskoleloven § 21 fjerde ledd. Studenten kan ikkje klage på karakterfastsettinga etter ny sensur, jf. fagskoleloven § 22 siste ledd. (5) Klage på karakterfastsetting må settast fram innan tre veker etter at resultatet blei kunngjort. Om studenten har bedt om grunngiving for karakterfastsettinga eller klaga over formelle feil, løper klagefristen frå studenten har fått grunngivinga eller til klaga på formelle feil er endeleg avgjort, jf. fagskoleloven § 22 fjerde ledd.

Studenter kan klage skriftlig på karakterer, noe som fører til ny sensur. Karakteren kan både øke og synke ved ny vurdering, og det kan ikke klages på resultatet etter dette. Visse muntlige prestasjoner og praksis kan ikke klages på.AI

Se ogsåFagskoleloven § 22 første leddFagskoleloven § 21referert av 1

Klage på formelle feil

(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, prøve eller anna arbeid som blir bedømt med vurderingsuttrykk, kan klage på formelle feil, jf. fagskoleloven § 23 første ledd. (2) Eit sensurvedtak skal opphevast dersom det er gjort feil som kan ha hatt betydning for studenten sin prestasjon eller bedømminga av prestasjonen. Dersom feilen kan rettast opp gjennom ny sensur, skal dette gjennomførast. Dersom feilen ikkje kan rettast opp gjennom ny sensur, skal det haldast ny vurdering med nye sensorar. Studenten kan klage på karakterfastsettinga ved ny sensur etter denne føresegna, jf. fagskoleloven § 23 andre ledd. (3) Fagskulen eller den lokale klagenemnda kan bestemme at det skal gjennomførast ny sensur eller ny vurdering dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt innverknad på prestasjonen til éin eller fleire studentar eller bedømminga av desse, jf. fagskoleloven § 23 siste ledd. (4) Klage på formelle feil må settast fram innan tre veker etter at studenten blei, eller burde blitt, kjent med feilen, jf. fagskoleloven § 23 første ledd. Om studenten har bedt om grunngiving for eller klaga over karakterfastsettinga, løper klagefristen frå studenten har fått grunngivinga eller til klaga på karakterfastsettinga er endeleg avgjort, jf. fagskoleloven § 23 tredje ledd.

Studentar kan klage på formelle feil ved eksamen eller anna arbeid som er bedømt. Dersom feilen kan ha påverka resultatet, skal vedtaket opphevast og det skal gjennomførast ny sensur eller ny vurdering.AI

Se ogsåFagskoleloven § 23referert av 1

Lokal klagenemnd for fagskular i Vestland

(1) Fagskulen Vestland skal med heimel i fagskoleloven § 20 første ledd opprette ei lokal klagenemnd. Fagskulen kan samarbeide med andre fagskular om felles klagenemnd. (2) Den lokale klagenemnda skal som klageinstans behandle klager på fagskulen sine enkeltvedtak, for eksempel avgjersler om a) godskriving og fritak etter fagskoleloven § 8 b) opptak på grunnlag av realkompetanse eller spesielle opptakskrav etter fagskoleforskriften § 7 første og fjerde ledd c) formelle feil etter fagskoleloven § 23 d) tilrettelegging etter fagskoleloven § 15 femte ledd e) tap av rettar f) bortvising etter fagskoleloven § 43 g) permisjon etter fagskoleloven §§ 28 og 28a. (3) Når den lokale klagenemnda behandlar klager på fagskulen sine enkeltvedtak, kan klagenemnda sine vedtak ikkje påklagast, jf. fagskoleloven § 20 fjerde ledd. (4) Den lokale klagenemnda skal som underinstans behandle følgande saker: a) annullering etter fagskoleloven § 24 b) bortvising og utestenging etter fagskoleloven § 25 c) skikkaheit etter fagskoleloven § 26 d) politiattest etter fagskoleloven § 27 e) utestenging etter fagskoleloven § 43 f) inndraging og karantenetid etter fagskoleloven § 16 a. Vedtak i saker etter fagskoleloven §§ 16 a og 25–27 skal treffast med minst to tredels fleirtal. (5) Når den lokale klagenemnda behandlar saker etter fjerde ledd, kan klagenemnda sine vedtak påklagast til Nasjonal klagenemnd for høyere yrkesfaglig utdanning, jf. fagskoleloven § 20 siste ledd. Den nasjonale klagenemnda behandlar også klager over enkeltvedtak treft med heimel i fagskoleloven § 16 om opptak gjennom Samordna opptak. Den nasjonale klagenemnda sine vedtak kan ikkje påklagast, jf. fagskoleforskriften § 45 siste ledd.

Fagskulen Vestland skal ha en lokal klagenemnd som behandler klager på ulike enkeltvedtak. Noen av nemndas avgjørelser er endelige, mens andre kan påklages til Nasjonal klagenemnd for høyere yrkesfaglig utdanning.AI

Se ogsåFagskoleloven § 20Fagskoleloven § 8Fagskoleforskriften § 7Fagskoleloven § 23referert av 1

Kapittel 9. Disiplinærsaker

Fusk

(1) Forbodet mot fusk, forsøk på fusk og medverknad til fusk gjeld både i forbindelse med eksamen, prøve eller liknande, og elles under gjennomføringa av emnet. (2) Som fusk reknar ein mellom anna a) å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg b) å sitere kjelder eller på annan måte bruke kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege og korrekte kjeldetilvisingar c) ulovleg kommunikasjon og samarbeid mellom enkeltpersonar og grupper d) å la ein annan gjennomføre vurderinga, den obligatoriske læringsaktiviteten eller liknande for seg e) å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til f) å handle på andre måtar i strid med retningslinjer bestemt av fagskulen.

Det er forbode å fuske, prøve å fuske eller hjelpe andre med å fuske. Dette gjeld både på eksamen, prøvar og i andre delar av studiet. Fusk inkluderer bruk av ulovlege hjelpemiddel, mangelfull kjeldetilvising og ulovleg samarbeid.AI

Mistanke om fusk

(1) Oppstår det mistanke om fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk under obligatorisk læringsaktivitet eller vurdering, skal fagskulen opplyse studenten om at forholdet blir rapportert. Studenten har rett til å fullføre den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, men risikerer at den lokale klagenemnda annullerer resultatet, jf. fagskoleloven § 24 andre ledd. (2) Inntil eventuell avgjersle i saka ligg føre, har studenten rett til å halde fram på studiet som vanleg. Studenten kan likevel bli stoppa av progresjonskrav i utdanninga.

Viss det er mistanke om fusk under oppgåver eller prøvar, skal fagskulen informere studenten om at dette blir rapportert. Studenten kan gjere ferdig aktiviteten, men resultatet kan bli annullert. Studenten kan halde fram på studiet medan saka blir behandla.AI

Se ogsåFagskoleloven § 24

Konsekvensar av fusk

(1) Den lokale klagenemnda kan annullere godkjenninga av eit emne eller resultatet av ein eksamen, prøve eller liknande, om ein student forsettleg eller grovt aktlaust har fuska eller forsettleg har forsøkt å fuske, jf. fagskoleloven § 24 andre ledd. Tilgangen til å annullere blir ikkje forelda, jf. fagskoleloven § 24 femte ledd. (2) Om ein student forsettleg eller grovt aktlaust har fuska eller forsettleg har forsøkt å fuske, kan den lokal klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå all utdanning ved fagskulen i inntil eitt år. Tilsvarande gjeld for ein student som forsettleg har medverka til fusk, jf. fagskoleloven § 25 fjerde ledd. (3) Ved vedtak om annullering skal studenten levere eventuelle vitnemål eller karakterutskrifter tilbake til fagskulen, jf. fagskoleloven § 24 sjette ledd. (4) Annullering av vurdering som følge av fusk eller forsøk på fusk, tel som eit vurderingsforsøk, jf. § 6-15 første ledd bokstav f. (5) Dannar vitnemålet grunnlag for autorisasjon for yrkesutøving, skal fagskulen gi melding om annullering til vedkommande mynde.

Hvis en student har fusket eller forsøkt å fuske, kan resultater fra eksamen eller emner bli annullert. Studenten kan også bli utestengt fra all utdanning ved fagskolen i opptil ett år. Ved annullering skal vitnemål leveres tilbake, og relevante myndigheter blir varslet hvis utdanningen gir autorisasjon.AI

Se ogsåFagskoleloven § 24Fagskoleloven § 25 første leddForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-15

Annullering

(1) Om ein student har brukt falskt vitnemål eller andre falske dokument, eller har opptredd ureieleg på annan måte og slik fått tilgang til å avlegge eksamen, prøve eller anna arbeid som blir bedømt med karakter, kan den lokale klagenemnda annullere resultatet. Den lokale klagenemnda kan også annullere godkjenninga av eit emne om ein student på tilsvarande urettmessig grunnlag har fått rett til å studere, jf. fagskoleloven 24 første ledd. (2) Om ein student har fått godskriving av eller fritak for emne ved bruk av falskt vitnemål eller andre falske dokument, eller ved å opptre ureieleg på annan måte, kan den lokale klagenemnda annullere godskrivinga eller fritaket, jf. fagskoleloven § 24 tredje ledd. (3) Tilgangen til å annullere blir ikkje forelda, jf. fagskoleloven § 24 femte ledd. (4) Ved vedtak om annullering skal studenten levere eventuelle vitnemål eller karakterutskrifter tilbake til fagskulen, jf. fagskoleloven § 24 sjette ledd. (5) Om fagskulen oppdagar at ein søkar eller student har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument skrive ut av falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet, jf. fagskoleloven § 24 siste ledd. (6) Dannar vitnemålet grunnlag for autorisasjon for yrkesutøving, skal fagskulen gi melding om annullering til vedkommande mynde.

Hvis en student har brukt falske dokumenter eller opptrådt uredelig for å få studieplass eller avlegge eksamen, kan resultatene og godkjenninger annulleres. Slike saker kan meldes til politiet og relevante myndigheter.AI

Se ogsåFagskoleloven § 24

Bortvising og utestenging

(1) Fagskulen kan vise bort ein student med direkte verknad dersom studenten forstyrrar undervisninga eller arbeidet til medstudentar. (2) Om ein student, til trass for skriftleg varsel frå fagskulen, gjentatte gonger opptrer på ein måte som verkar grovt forstyrrande på arbeidet til medstudentar eller verksemda ved fagskulen elles, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal visast bort i inntil eitt år. Bortvising inneber ikkje at studenten mister retten til å gå opp til eksamen, jf. fagskoleloven § 25 første ledd. (3) Rektor ved fagskulen kan fatte midlertidig vedtak om bortvising dersom vilkåra i fagskoleloven § 12 siste ledd er til stades. Eit slikt vedtak gjeld inntil den lokale klagenemnda kan fatte endeleg vedtak i saka, jf. fagskoleloven § 25 første ledd. (4) Om ein student, til trass for skriftleg varsel frå fagskulen, ikkje retter seg etter eit vedtak om bortvising, kan den lokale klagenemnda vedta å stenge ute studenten frå utdanninga i inntil eitt år. Utestenging inneber også at studenten mister retten til å gå opp til eksamen, jf. fagskoleloven § 25 andre ledd. (5) Om ein student har skapt fare for liv eller helse, eller har opptredd grovt usømmeleg overfor nokon som studenten har møtt i samanheng med undervisning eller praksisstudium, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå fagskuleutdanning med klinisk undervisning og praksisstudium i inntil tre år. Tilsvarande gjeld om ein student har brote lovfesta teieplikt, jf. fagskoleloven § 25 tredje ledd. (6) Om ein student har brukt falskt vitnemål, andre falske dokument eller på annan måte har opptredd ureieleg, jf. fagskoleloven § 24 første og tredje ledd, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå all utdanning ved fagskulen i inntil eitt år, jf. fagskoleloven § 25 fjerde ledd. (7) Ein student, som trass skriftleg varsel frå fagskulen har brukt klesplagg som heilt eller delvis dekker ansiktet i strid med fagskoleloven § 43 første ledd, kan visast bort av rektor eller den rektor gir mynde i inntil eitt år. Om studenten, til trass for skriftleg varsel frå fagskulen, ikkje retter seg etter vedtaket om bortvising, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå utdanninga i inntil eitt år, jf. fagskoleloven § 43 andre ledd.

Se ogsåFagskoleloven § 25 første leddFagskoleloven § 12Fagskoleloven § 24Fagskoleloven § 43referert av 1

Vurdering av skikkaheit

(1) Fagskulen Vestland skal vurdere om studentane i bestemte utdanningar er skikka for yrket. Skikkavurdering skal finne stad gjennom heile utdanninga, jf. fagskoleloven § 26 første ledd. Fagskulen Vestland gjennomfører skikkavurdering i tråd med reglane i fagskoleloven § 26 og fagskoleforskriften kapittel 5. (2) Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøving kan utgjere fare for liv, fysisk og/eller psykisk helse, rettar og sikkerheit til barn, unge eller vaksne i sårbare situasjonar, er ikkje skikka for yrket, jf. fagskoleforskriften § 26. (3) Ved Fagskulen Vestland er følgande utdanningar underlagt skikkavurdering: a) Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre b) Psykisk helsearbeid og rusarbeid c) Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi d) Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta. Andre utdanningar kan også vere underlagt skikkavurdering. (4) For utdanningar underlagt skikkavurdering skal rektor utnemne skikkaansvarleg(e) for skikkavurdering, jf. fagskoleforskriften 32 første ledd. Styret sjølv oppretter ei skikkanemnd i tråd med fagskoleforskriften § 31. (5) Den lokale klagenemnda kan etter innstilling frå skikkanemnda vedta at ein student ikkje er skikka for yrket. Blir det fatta eit slikt vedtak, kan klagenemnda vedta at studenten også skal stengast ute frå utdanninga i inntil fem år, jf. fagskoleloven § 26 tredje ledd. (6) Ved utestenging vil studenten miste studieplassen, og må søke nytt opptak dersom hen vil starte opp igjen på utdanninga etter utestengingsperioden, jf. fagskoleforskriften § 36 siste ledd, jf. § 3-5 første ledd bokstav g.

Fagskulen Vestland vurderer om studenter i visse utdanninger er egnet for yrket. Personer som kan utgjøre en fare for andres liv, helse eller sikkerhet regnes som uegnet. Dette kan føre til utestengelse fra studiet i opptil fem år.AI

Se ogsåFagskoleloven § 26Fagskoleforskriften § 32Fagskoleforskriften § 31Fagskoleforskriften § 36referert av 1

Politiattest

(1) Fagskulen kan krevje politiattest ved opptak og undervegs i utdanninga, jf. fagskoleloven § 27 første ledd. Politiattesten må ikkje vere eldre enn tre månadar på tidspunktet for framlegging av attesten. (2) I utdanningar der studenten kan komme i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksisstudium, er det krav om at studenten legg fram politiattest ved opptak, jf. fagskoleloven § 27 første ledd. Ved særlege reglar om politiattest for bestemte typar arbeid, gjeld tilsvarande reglar for studentane, jf. fagskoleloven § 27 andre ledd. (3) Studenten får ikkje delta i klinisk undervisning eller praksis før politiattest utan merknad er lagt fram. Ved politiattest med merknad gjeld fjerde og femte ledd. (4) Fagskulen Vestland skal behandle politiattest med merknad i tråd med reglane i fagskoleloven § 27 og fagskoleforskriften kapittel 4. Ved politiattest med merknad skal fagskulen snarast mogleg, og seinast innan ti dagar etter at all dokumentasjon i saka ligg føre, legge fram politiattesten til den lokale klagenemnda, jf. fagskoleforskriften § 23 andre ledd. (5) Den lokale klagenemnda skal snarast mogleg, og seinast innan fire veker etter at saka er mottatt, avgjere om studenten kan delta i klinisk undervisning eller praksis. Studenten får ikkje delta i klinisk undervisning eller praksis før klagenemnda har fatta positivt vedtak i saka, jf. fagskoleloven § 27 sjuande ledd og fagskoleforskriften § 23 tredje ledd.

Fagskulen kan kreve politiattest ved opptak og i løpet av utdanningen. Studenter som skal jobbe med mindreårige i praksis eller klinisk undervisning må fremlegge politiattest uten merknader for å få delta.AI

Se ogsåFagskoleloven § 27 første leddFagskoleforskriften § 23referert av 1

Kapittel 10. Grader

Tildeling av grader

(1) Fagskulen Vestland tildeler grada «fagskulegrad» for fullført fagskuleutdanning av eitt til halvtanna års varigheit (60–90 studiepoeng), jf. fagskoleforskriften § 41 første ledd. Fagskulen fastset nærmare krav til omfang og samansetting av grada i studieplanen. (2) Fagskulen Vestland tildeler grada «høgare fagskulegrad» for fullført fagskuleutdanning av to års varigheit eller meir (minimum 120 studiepoeng), jf. fagskoleforskriften § 41 siste ledd. Fagskulen fastset nærmare krav til omfang og samansetting av grada i studieplanen. (3) Grada er oppnådd når studenten oppfyller krava i den aktuelle studieplanen.

Fagskulen Vestland tildeler gradene «fagskulegrad» og «høgare fagskulegrad» basert på utdanningas varigheit og mengde studiepoeng. Graden er oppnådd når krava i studieplanen er oppfylte.AI

Se ogsåFagskoleforskriften § 41

Namn på grader

(1) Ei fagskulegrad får normalt namnet «Fagskulegrad i [namn på utdanninga]», på engelsk «Professional degree of [namn på utdanninga på engelsk]». (2) Ei høgare fagskulegrad får normalt namnet «Høgare fagskulegrad i [namn på utdanninga]», på engelsk «Higher professional degree of [namn på utdanninga på engelsk]».

Bestemmelsen fastslår hva utdanningene ved Fagskulen Vestland skal hete. Den definerer navnene på både fagskulegrader og høyere fagskulegrader på norsk og engelsk.AI

Krav om tilknyting til Fagskulen Vestland ved tildeling av grad

For å få tildelt vitnemål eller annan dokumentasjon for fullført utdanning ved Fagskulen Vestland, må studenten ha avlagt studiepoeng ved fagskulen tilsvarande minste resultatberande eining i fagskuleutdanninga studenten ønsker vitnemål eller annan dokumentasjon for, jf. fagskoleforskriften § 38.

For å få vitnemål eller dokumentasjon på fullført utdanning ved Fagskulen Vestland, må studenten ha oppnådd studiepoeng ved skulen. Det kreves at man har fullført minst én resultatberande eining i den aktuelle utdanningen.AI

Se ogsåFagskoleforskriften § 38

Kapittel 11. Vitnemål og karakterutskrift

Vitnemål

(1) Fagskulen Vestland skal skrive ut vitnemål til studentar for fullført fagskuleutdanning, jf. fagskoleloven § 19 første ledd. Studieplanen er grunnlag for vitnemål. (2) For at Fagskulen Vestland skal kunne skrive ut vitnemål eller annan dokumentasjon for fullført utdanning, må studenten avlegge studiepoeng ved fagskulen tilsvarande minste resultatberande eining i fagskuleutdanninga studenten ønsker vitnemål eller annan dokumentasjon for. Det er normalt den siste fagskulen som har ein student før fullført utdanningsløp, som har ansvaret for å skrive ut vitnemålet, jf. fagskoleforskriften § 38. (3) Vitnemålet skal vise a) namnet på fagskulen og utdanninga b) namnet og fødselsnummeret til studenten c) ei beskriving av karaktersystemet d) karakterane til studenten e) det overordna læringsutbyttet for utdanninga f) emne og eventuell praksis i utdanninga g) tittel og beskriving av hovudprosjekt eller fordjupingsemne, om utdanninga har dette h) nivå i Nasjonal kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring i) antal studiepoeng og eventuell gradsnemning j) datoen for når vitnemålet er skrive ut. For dei maritime utdanningane skal vitnemålet vise sertifikatnummeret til fagskulen. (4) Dersom utdanninga har krav om skikkavurdering, skal vitnemålet vise dette, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-7 siste ledd. (5) Dersom studenten har fått innvilga søknad om godskriving av eller fritak for emne, skal vitnemålet vise dette. (6) Vitnemålet blir skrive ut på papir, på bokmål eller nynorsk. For dei maritime utdanningane skal vitnemålet skrivast på engelsk. Fagskulen Vestland omset ikkje vitnemål. (7) Vitnemålet blir som hovudregel skrive ut etter at klagefristen for dei emna som inngår i grunnlaget for grada har gått ut, og ei eventuell klagebehandling er ferdig. (8) Vitnemålet blir skrive ut éin gong. I særlege tilfelle kan fagskulen ved tap av vitnemål skrive ut duplikat.

Se ogsåFagskoleloven § 19Fagskoleforskriften § 38Fagskoletilsynsforskriften § 2-7

Karakterutskrift

(1) Studentar som ikkje fullfører ei fagskuleutdanning kan be om ei karakterutskrift som viser beståtte emne, prøver og andre vurderingar som studenten har fått, jf. fagskoleloven § 19 første ledd. (2) Karakterutskrifta blir skrive ut på papir, på bokmål eller nynorsk. Fagskulen Vestland omset ikkje karakterutskrifter.

Studenter som ikke fullfører utdanningen kan be om en karakterutskrift. Denne viser hvilke emner og vurderinger som er bestått. Utskriften gis på papir, men skolen oversetter den ikke.AI

Se ogsåFagskoleloven § 19

Kapittel 12. Ikraftsetjing og overgangsregel

Ikraftsetjing og oppheving

Forskrifta trer i kraft 1. august 2025. Frå same tid blir forskrift 17. september 2021 nr. 3061 om studium ved Fagskulen Vestland oppheva.

Denne forskriften begynner å gjelde fra 1. august 2025. Samtidig slutter den tidligere forskriften fra 17. september 2021 å gjelde.AI

Overgangsregel

Ordningar i studieplanar vedtatt før denne forskrifta tredde i kraft, som er i strid med nye reglar i forskrifta, kan gjennomførast etter tidlegare vedtatt ordning i studieåret 2025/2026.

Studieplaner som ble vedtatt før denne forskriften trådte i kraft, kan fortsatt følges i studieåret 2025/2026 selv om de strider mot de nye reglene.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvilke studier gjelder disse reglene for?

Denne forskriften inneholder hovedreglene for alle studier ved Fagskulen Vestland. Hvis det er motstrid mellom denne forskriften og overordnede lover eller regler fra NOKUT, er det de overordnede reglene som gjelder.

Åpne § 1-1
Hva er utdanningene ved skolen bygget opp av?

Utdanningene ved Fagskulen Vestland er bygget opp av emner. Hver utdanning har en studieplan som fungerer som en kontrakt mellom skolen og studentene, og som danner grunnlaget for vitnemålet. Et fullt studieår tilsvarer 60 studiepoeng.

Åpne § 2-1
Hvem kan godkjenne nye utdanninger hvis skolen har akkreditering for fagområdet?

Reglene bestemmer hvordan Fagskulen Vestland kan opprette, endre eller legge ned utdanninger og emner. Noen endringer kan styret vedta selv, mens andre krever søknad til eller melding fra NOKUT. Ved endringer eller nedleggelse skal det finnes ordninger som lar studentene fullføre utdanningen.

Åpne § 2-2
Hvilke regler gjelder for opptak ved Fagskulen Vestland?

Denne bestemmelsen fastslår hvilke lover og forskrifter som gjelder når man søker opptak til utdanninger ved Fagskulen Vestland.

Åpne § 3-1
Hva innebærer det å ha studierett?

Studierett betyr at man er tatt opp som student og har rett til undervisning, vurdering og bruk av skolens ressurser. Retten gjelder for den utdanningen, det emnet og den studiestedet man er tatt opp ved.

Åpne § 3-2
Hva må jeg holde meg oppdatert på som student?

Studenter må holde seg oppdatert på skolens regler, organisering og informasjon. De må betale pålagte avgifter innen fristen og ha egen bærbar datamaskin. Manglende betaling av avgifter kan føre til at man mister studieretten.

Åpne § 3-3
Hvor mange studiepoeng kan jeg ligge etter med for å gå videre neste år?

Studenter må følge kravene til studieprogresjon for å fortsette utdanningen neste år. Det er mulig å søke om dispensasjon ved spesielle forhold, og studenter som ikke oppfyller kravene skal varsles.

Åpne § 3-4
Hva skjer med studieretten hvis jeg selv ønsker å slutte på utdanningen?

Fagskulen kan trekke tilbake retten til å studere dersom studenten avslutter utdanningen, ikke oppfyller krav til opptak eller progresjon, har brukt opp forsøkene sine, tidsfristen er ute, blir utestengt eller har bestått utdanningen.

Åpne § 3-5