Forskrift
Nynorsk
§ 6-17. Kontinuasjonsvurdering
Kontinuasjonsvurdering
(1) Studentar som har gyldig fråvær til eller har stroke på ordinær vurdering, har rett på kontinuasjonsvurdering. Retten gjeld med dei avgrensingar som følger av § 6-4 og føresegnene i kapittelet her. Kontinuasjonsvurdering tel som eit vurderingsforsøk, jf. § 6-15.
(2) Rett til kontinuasjonsvurdering gjeld ikkje for studentar som
a) har gjennomført vurdering med bestått resultat
b) trekker seg frå ordinær vurdering
c) ikkje møter / ikkje leverer / avbryt ordinær vurdering utan gyldig fråvær
d) ikkje dokumenterer gyldig fråvær innan fristen
e) får vurderinga annullert etter fagskoleloven § 24.
Fagskulen kan likevel etter søknad gi studenten høve til å avlegge kontinuasjonsvurdering når det blir arrangert kontinuasjonsvurdering for studentar etter første ledd.
(3) Ved kontinuasjonsvurdering skal vurderinga gjennomførast med same pensum som ved siste ordinære vurdering, og med same vurderingsform.
(4) Dersom studenten ikkje har teljande resultat etter kontinuasjonsvurdering, må studenten framstille seg til ny ordinær vurdering. I slike tilfelle gjeld pensumet, vurderingsforma og eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar som er fastsett for den nye vurderingsavviklinga.
Studenter som har gyldig fravær eller har stryk på den ordinære vurderingen, har rett til en kontinuasjonsvurdering. Denne vurderingen skal ha samme pensum og form som den forrige. Hvis man ikke består denne, må man ta en ny ordinær vurdering.AI
Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-15Fagskoleloven § 24referert av 2 →
Sammenheng
Se også3
Referert av2
Koblinger for § 6-17 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.