Forskrift
Nynorsk
§ 6-16. Avbrot av vurdering
Avbrot av vurdering
(1) Ei vurdering er avbroten dersom den er starta, og arbeidet ikkje er levert innanfor fristen. Det same gjeld dersom vurderinga består av fleire vurderingsdelar og studenten ikkje leverer, ikkje møter opp e.l. til éin eller fleire av vurderingsdelane.
(2) Brot på dei formelle krava til vurdering (ordgrense m.m.) skal reknast som ikkje levert.
(3) Ei vurdering blir rekna som påbyrja
a) ved skriftleg skuleeksamen: straks oppgåva er utlevert eller ved førehandskontroll av hjelpemiddel.
b) ved heimeeksamen: straks oppgåva er tilgjengeleg for studentane.
c) ved mappevurdering: ved innleveringsfristen for det første av arbeida som går inn i vurderinga.
d) ved munnleg eller praktisk eksamen: straks studenten tar til med eventuell førebuing, elles når eksaminasjonen startar.
e) ved praksis: frå første praksisdag.
Om vurderinga består av fleire vurderingsdelar, blir vurderinga rekna som påbyrja når den første vurderingsdelen startar.
(4) For andre vurderingsformer startar vurderinga på det tidspunktet som er bestemt i emneplanen.
(5) Vurderinga sluttar på den tida som fagskulen har bestemt.
En vurdering regnes som avbrutt dersom arbeidet ikke leveres innen fristen, eller hvis man ikke møter til deler av vurderingen. Brudd på formelle krav, som ordgrense, regnes også som ikke levert. Reglene definerer når ulike typer vurderinger regnes som påbegynte og avsluttet.AI