Forskrift
Nynorsk
§ 6-15. Teljande vurderingsforsøk
Teljande vurderingsforsøk
(1) Studenten bruker eit vurderingsforsøk dersom hen
a) gjennomfører vurdering, uavhengig av resultatet
b) ikkje møter til vurdering
c) ikkje leverer / avbryt vurdering
d) trekker seg etter fristen
e) ikkje dokumenterer gyldig fråvær innan fristen, eller
f) får vurderinga annullert etter fagskoleloven § 24.
Studenten blir likevel ikkje rekna for å ha brukt eit vurderingsforsøk dersom studenten ikkje oppfyller vilkåra for vurdering, jf. § 6-4 første ledd.
(2) Studentar med gyldig fråvær brukar ikkje eit vurderingsforsøk, jf. § 4-4 siste ledd.
(3) Fristen for å trekke seg frå vurdering er to veker før vurderinga startar. Denne fristen gjeld også for studentar som har meldt seg opp til kontinuasjonsvurdering eller ny ordinær vurdering i eit emne. For utfyllande reglar om kontinuasjonsvurdering, sjå § 6-17.
Denne regelen forklarer når en eksamen eller vurdering regnes som et brukt forsøk. Det gjelder uavhengig av resultatet, eller hvis man ikke møter opp eller leverer. Gyldig fravær eller manglende oppfyllelse av vilkår for vurdering teller ikke som et forsøk.AI
Se ogsåFagskoleloven § 24Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 4-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-17referert av 3 →
Sammenheng
Se også4
Referert av3
Koblinger for § 6-15 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.