Forskrift
Nynorsk
§ 6-14. Antal vurderingsforsøk
Antal vurderingsforsøk
(1) Studentane har tre vurderingsforsøk i kvart emne. Fagskulen avgjer søknad om eit fjerde vurderingsforsøk der særskilde forhold ligg føre, og kva som eventuelt må avleggast på nytt, jf. § 6-3 siste ledd. For praksis og gruppevurdering, sjå fjerde og siste ledd.
(2) Avgrensinga i antalet vurderingsforsøk gjeld sjølv om emnet har skifta namn, emnekode eller inngår med ulik kode i fleire utdanningar.
(3) Avgrensinga i antalet vurderingsforsøk gjeld sjølv om studenten har fått nytt opptak til fagskulen, uavhengig av om emnet inngår i same eller ei anna utdanning enn den utdanninga studenten hadde studierett til ved tidlegare forsøk.
(4) Ikkje bestått praksis kan etter søknad til fagskulen gjennomførast på nytt éin gong. Praksis med bestått resultat kan ikkje gjennomførast på nytt.
(5) Ikkje bestått gruppevurdering kan etter søknad til fagskulen gjennomførast på nytt éin gong i løpet av dei to påfølgande semestera. Gruppevurdering med bestått resultat kan ikkje gjennomførast på nytt.
Studenter har tre forsøk på å bestå hvert emne. Det er mulig å søke om et fjerde forsøk ved spesielle forhold. Praksis og gruppevurderinger som ikke er bestått kan etter søknad gjentas én gang.AI
Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-3referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 6-14 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.