Forskrift
Nynorsk
§ 3-5. Tap av studierett
Tap av studierett
(1) Fagskulen kan trekke tilbake studieretten dersom
a) studenten melder at hen ønsker å avslutte utdanninga
b) studenten ikkje oppfyller krava i § 3-3 andre ledd der dette er påkravd
c) studenten byter til ei anna utdanning ved Fagskulen Vestland, jf. § 3-2 siste ledd
d) studenten ikkje oppfyller krava til studieprogresjon i § 3-4
e) studenten har brukt maksimalt antal vurderingsforsøk utan å ha bestått eit emne som er obligatorisk for utdanninga, jf. § 6-14
f) den maksimale gyldigheitsperioden for studieretten er over, jf. § 3-2 sjette ledd
g) studenten blir utestengd frå utdanninga etter fagskoleloven § 26 tredje ledd
h) studenten har fullført og bestått utdanninga.
(2) Vedtak etter første ledd bokstav d og f skal ta omsyn til innvilga permisjon, vedtak om tilrettelagd studieløp, gyldig fråvær ved obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering, samt vedtak om bortvising og utestenging.
(3) Studentar som mister studieretten etter første ledd bokstav a til g må søke nytt opptak til fagskulen for å få fullføre utdanninga. Opptak kan vere avgrensa av reglar om progresjon og antal vurderingsforsøk, jf. §§ 3-4 og 6-14.
Fagskulen kan trekke tilbake retten til å studere dersom studenten avslutter utdanningen, ikke oppfyller krav til opptak eller progresjon, har brukt opp forsøkene sine, tidsfristen er ute, blir utestengt eller har bestått utdanningen.AI
Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-3Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-2Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-14referert av 2 →
Sammenheng
Se også5
Referert av2
Koblinger for § 3-5 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.