Forskrift
Nynorsk
§ 4-1. Permisjon
Permisjon
(1) Studentane har etter søknad rett til permisjon frå utdanninga når dei er i teneste etter forsvarsloven § 17, når dei har verv i studentpolitiske eller folkevalde organ, og når det ligg føre andre særlege grunnar. Studentane skal få permisjon så lenge behovet tilseier det. I permisjonsperioden har studenten framleis studierett og rett til å gå opp til eksamen ved fagskulen, jf. fagskoleloven § 28a.
(2) Ein gravid student har etter søknad rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden mellom tre veker før fastsett termindato og seks veker etter fødsel. Barnets andre forelder har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er innanfor to veker etter fødselen, jf. fagskoleloven § 28 første ledd.
(3) Ein student som får barn under utdanninga, har etter søknad rett til permisjon frå utdanninga under svangerskapet og til omsorg for barn. I permisjonsperioden har studenten framleis status som student ved fagskulen, og har rett til å starte opp igjen utdanninga på same nivå som før permisjonen, jf. fagskoleloven § 28 andre ledd.
(4) Fagskulen skal legge til rette for at studentar i permisjon etter andre og tredje ledd kan starte opp igjen utdanninga så raskt som mogleg etter permisjonen, jf. fagskoleloven § 28 tredje ledd.
(5) Søknad om permisjon må meldast til fagskulen så snart som råd. Ved søknaden skal det vedleggast dokumentasjon for permisjonsgrunnlaget, for eksempel terminstadfesting eller sjukemelding frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attestar, erklæringar og liknande skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15.
(6) Ved permisjon blir lengda på studieretten justert for permisjonsperioden. Permisjon etter første ledd blir som hovudregel innvilga for inntil eitt år om gongen.
(7) For betaling av eventuell(e) påkravd(e) avgift(er) under permisjon, sjå § 3-3 tredje ledd.
Se ogsåForsvarsloven § 17Fagskoleloven § 28Helsepersonelloven § 15Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-3
Sammenheng
Se også5
Koblinger for § 4-1 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.