Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-2. Tilrettelegging av undervisning og vurdering

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland·Kapittel 4. Tilpassing av studia og fråvær

Tilrettelegging av undervisning og vurdering

(1) Studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilde behov har etter fagskoleloven § 15 femte ledd rett til eigna individuell tilrettelegging av undervisning og vurdering. Fagskulen Vestland skal ikkje avslå eit tiltak av økonomiske eller administrative omsyn, med mindre det aktuelle tiltaket inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen. (2) Tilrettelegginga skal ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilt i den enkelte utdanninga, jf. fagskoleloven § 15 femte ledd. (3) Behovet for tilrettelegging skal dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attesten skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15. Attesten skal innehalde dei opplysningane som fagskulen treng for å avgjere kva tilrettelegging(ar) som er nødvendig(e) i undervisnings- eller vurderingssituasjonen. (4) Søknad om tilrettelagt undervisning og vurdering skal rettast til fagskulen innan 1. oktober for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret, eller snarast mogleg etter at behovet oppstod. Behovet for tilrettelegging skal dokumenterast på nytt kvart semester. Fagskulen kan gjere unntak frå dette dersom grunnlaget for tilrettelegginga er av permanent karakter.

Studenter med funksjonsnedsettelse eller spesielle behov har rett til individuell tilrettelegging av undervisning og vurdering. Tilretteleggingen skal ikke føre til lavere faglige krav, og behovet må dokumenteres med attest fra fagperson.AI

Se ogsåFagskoleloven § 15 første ledd

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 4-2 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →