Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-3. Gyldig fråvær

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland·Kapittel 4. Tilpassing av studia og fråvær

Gyldig fråvær

(1) Følgande blir rekna som gyldig fråvær: a) eigen sjukdom som gjer gjennomføringa av undervisning eller vurdering umogleg eller urimeleg å krevje b) sjukdom hos barn som studenten har omsorg for, med dei avgrensingar som går fram av arbeidsmiljøloven § 12-9 c) dødsfall i nær familie eller andre nærståande til studenten, for ein periode på inntil to veker frå dødsfallet d) gravferd og liknande til personar i nær familie eller andre nærståande til studenten e) lovpålagt oppmøte annan stad f) andre forhold som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører. (2) Gyldig fråvær på grunn av sjukdom eller liknande skal dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attesten skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15. Attesten må dokumentere at studenten av helsemessige årsaker som nemnt i bokstav a eller b ikkje kunne gjennomføre den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, og spesifisere kva dagar fråværet gjeld. Ved dødsfall, gravferd eller liknande må studenten oppgi kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde. Studentar som viser til andre forhold som gyldig fråvær må dokumentere desse på eigna måte. (3) Dokumentasjon for gyldig fråvær skal leverast så snart som mogleg, og seinast to veker etter at den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga blei avslutta. For praksisperiodar skal dokumentasjon leverast straks. (4) Dersom studenten har levert inn den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, kan det ikkje registrerast gyldig fråvær i ettertid.

Reglene fastslår hva som regnes som gyldig fravær ved studiene, for eksempel sykdom, dødsfall i nær familie eller lovpålagt oppmøte. Slikt fravær må dokumenteres med attest eller annen egnet dokumentasjon innen bestemte frister.AI

Se ogsåArbeidsmiljøloven § 12-9 første leddHelsepersonelloven § 15

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 4-3 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →