Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5-5. Praksis

Praksis

(1) Praksis er ein rettleidd og vurdert del av utdanninga som skal føregå i eit relevant yrkesfelt. (2) Det skal gå fram av emneplanen kva emne, vurderingar og obligatoriske læringsaktivitetar som må vere fullført og bestått før praksisen startar. (3) Det kan gjennomførast obligatoriske læringsaktivitetar knytt til praksisgjennomføringa undervegs i praksisen. Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten skal få praksisen vurdert, jf. § 5-4 andre ledd. (4) Praksis blir vurdert til «bestått» / «ikkje bestått». (5) Står studenten i fare for ikkje å bestå praksis, og faren oppstår på eit tidspunkt kor studenten har høve til å rette opp i forholda, skal studenten varslast om dette i samtale med praksisstaden og fagskulen. (6) Studentar som ikkje fullfører eller består praksis må ta heile praksisperioden på nytt ved eit eventuelt nytt forsøk. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon. For antal vurderingsforsøk i praksis, sjå § 6-14 fjerde ledd. (7) Ved gyldig fråvær skal fagskulen legge til rette for at studenten kan gjennomføre praksisperioden til ordinær tid, dersom dette er praktisk mogleg og ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen. Sjølv om fråværet er gyldig kan forseinkingar få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Praksis er en veiledet del av utdanningen som foregår i et relevant yrkesfelt og vurderes som bestått eller ikke bestått. Noen krav må være oppfylt før oppstart, og studenter som stryker må gjenta hele perioden ved et nytt forsøk.AI

Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 5-4Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-14

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 5-5 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →