Forskrift
Nynorsk
§ 5-4. Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk læringsaktivitet
(1) Obligatoriske læringsaktivitetar er alle dei aktivitetane som emneplanen har sett som vilkår for å få vurdering. Obligatoriske læringsaktivitetar kan for eksempel vere innleveringar, krav om frammøte, prøver, gruppearbeid, rapportar, lab.
(2) Obligatoriske læringsaktivitetar er ikkje ein del av karaktergrunnlaget i emnet, men må vere godkjente for at studenten skal kunne framstille seg for vurdering, jf. § 6-4 første ledd.
(3) Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode.
(4) Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar kan som hovudregel ikkje bli gjennomført på nytt innanfor gyldigheitsperioden, jf. tredje ledd.
(5) Studentar som har gjennomført ein obligatorisk læringsaktivitet, men ikkje fått denne godkjent, har rett til ei ny gjennomføring av aktiviteten før vurdering i emnet. Dette føreset at ny gjennomføring er praktisk mogleg og ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen.
Obligatoriske læringsaktiviteter er krav som må være godkjent for at man kan avlegge eksamen eller vurdering. Disse aktivitetene gir ikke karakter i seg selv. Godkjenningen er som regel gyldig i to semestre.AI
Se ogsåForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-4referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 5-4 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.