Forskrift
Nynorsk
§ 9-3. Konsekvensar av fusk
Konsekvensar av fusk
(1) Den lokale klagenemnda kan annullere godkjenninga av eit emne eller resultatet av ein eksamen, prøve eller liknande, om ein student forsettleg eller grovt aktlaust har fuska eller forsettleg har forsøkt å fuske, jf. fagskoleloven § 24 andre ledd. Tilgangen til å annullere blir ikkje forelda, jf. fagskoleloven § 24 femte ledd.
(2) Om ein student forsettleg eller grovt aktlaust har fuska eller forsettleg har forsøkt å fuske, kan den lokal klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå all utdanning ved fagskulen i inntil eitt år. Tilsvarande gjeld for ein student som forsettleg har medverka til fusk, jf. fagskoleloven § 25 fjerde ledd.
(3) Ved vedtak om annullering skal studenten levere eventuelle vitnemål eller karakterutskrifter tilbake til fagskulen, jf. fagskoleloven § 24 sjette ledd.
(4) Annullering av vurdering som følge av fusk eller forsøk på fusk, tel som eit vurderingsforsøk, jf. § 6-15 første ledd bokstav f.
(5) Dannar vitnemålet grunnlag for autorisasjon for yrkesutøving, skal fagskulen gi melding om annullering til vedkommande mynde.
Hvis en student har fusket eller forsøkt å fuske, kan resultater fra eksamen eller emner bli annullert. Studenten kan også bli utestengt fra all utdanning ved fagskolen i opptil ett år. Ved annullering skal vitnemål leveres tilbake, og relevante myndigheter blir varslet hvis utdanningen gir autorisasjon.AI
Se ogsåFagskoleloven § 24Fagskoleloven § 25 første leddForskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 6-15
Sammenheng
Se også3
Koblinger for § 9-3 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.