Forskrift
Nynorsk
§ 9-5. Bortvising og utestenging
Bortvising og utestenging
(1) Fagskulen kan vise bort ein student med direkte verknad dersom studenten forstyrrar undervisninga eller arbeidet til medstudentar.
(2) Om ein student, til trass for skriftleg varsel frå fagskulen, gjentatte gonger opptrer på ein måte som verkar grovt forstyrrande på arbeidet til medstudentar eller verksemda ved fagskulen elles, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal visast bort i inntil eitt år. Bortvising inneber ikkje at studenten mister retten til å gå opp til eksamen, jf. fagskoleloven § 25 første ledd.
(3) Rektor ved fagskulen kan fatte midlertidig vedtak om bortvising dersom vilkåra i fagskoleloven § 12 siste ledd er til stades. Eit slikt vedtak gjeld inntil den lokale klagenemnda kan fatte endeleg vedtak i saka, jf. fagskoleloven § 25 første ledd.
(4) Om ein student, til trass for skriftleg varsel frå fagskulen, ikkje retter seg etter eit vedtak om bortvising, kan den lokale klagenemnda vedta å stenge ute studenten frå utdanninga i inntil eitt år. Utestenging inneber også at studenten mister retten til å gå opp til eksamen, jf. fagskoleloven § 25 andre ledd.
(5) Om ein student har skapt fare for liv eller helse, eller har opptredd grovt usømmeleg overfor nokon som studenten har møtt i samanheng med undervisning eller praksisstudium, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå fagskuleutdanning med klinisk undervisning og praksisstudium i inntil tre år. Tilsvarande gjeld om ein student har brote lovfesta teieplikt, jf. fagskoleloven § 25 tredje ledd.
(6) Om ein student har brukt falskt vitnemål, andre falske dokument eller på annan måte har opptredd ureieleg, jf. fagskoleloven § 24 første og tredje ledd, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå all utdanning ved fagskulen i inntil eitt år, jf. fagskoleloven § 25 fjerde ledd.
(7) Ein student, som trass skriftleg varsel frå fagskulen har brukt klesplagg som heilt eller delvis dekker ansiktet i strid med fagskoleloven § 43 første ledd, kan visast bort av rektor eller den rektor gir mynde i inntil eitt år. Om studenten, til trass for skriftleg varsel frå fagskulen, ikkje retter seg etter vedtaket om bortvising, kan den lokale klagenemnda vedta at studenten skal stengast ute frå utdanninga i inntil eitt år, jf. fagskoleloven § 43 andre ledd.
Se ogsåFagskoleloven § 25 første leddFagskoleloven § 12Fagskoleloven § 24Fagskoleloven § 43referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 9-5 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.