Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 8-4. Klage på formelle feil

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland·Kapittel 8. Grunngiving og klage

Klage på formelle feil

(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, prøve eller anna arbeid som blir bedømt med vurderingsuttrykk, kan klage på formelle feil, jf. fagskoleloven § 23 første ledd. (2) Eit sensurvedtak skal opphevast dersom det er gjort feil som kan ha hatt betydning for studenten sin prestasjon eller bedømminga av prestasjonen. Dersom feilen kan rettast opp gjennom ny sensur, skal dette gjennomførast. Dersom feilen ikkje kan rettast opp gjennom ny sensur, skal det haldast ny vurdering med nye sensorar. Studenten kan klage på karakterfastsettinga ved ny sensur etter denne føresegna, jf. fagskoleloven § 23 andre ledd. (3) Fagskulen eller den lokale klagenemnda kan bestemme at det skal gjennomførast ny sensur eller ny vurdering dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt innverknad på prestasjonen til éin eller fleire studentar eller bedømminga av desse, jf. fagskoleloven § 23 siste ledd. (4) Klage på formelle feil må settast fram innan tre veker etter at studenten blei, eller burde blitt, kjent med feilen, jf. fagskoleloven § 23 første ledd. Om studenten har bedt om grunngiving for eller klaga over karakterfastsettinga, løper klagefristen frå studenten har fått grunngivinga eller til klaga på karakterfastsettinga er endeleg avgjort, jf. fagskoleloven § 23 tredje ledd.

Studentar kan klage på formelle feil ved eksamen eller anna arbeid som er bedømt. Dersom feilen kan ha påverka resultatet, skal vedtaket opphevast og det skal gjennomførast ny sensur eller ny vurdering.AI

Se ogsåFagskoleloven § 23referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 8-4 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →