Forskrift
Nynorsk
§ 6-10. Om gruppevurdering
Om gruppevurdering
(1) Ved gruppevurdering skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet kan vere individuell eller lik for heile gruppa.
(2) Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt, skal det hentast inn skriftleg fråsegn frå fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Fagskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt til vurdering dersom studenten ikkje bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg. Studenten har rett til å uttale seg før det blir fatta vedtak i saka.
(3) Heile gruppa har ansvar for å sørge for at produktet er komplett. Om produktet ikkje er i tråd med kjeldereglar og retningslinjer for vurdering, kan alle gruppedeltakarane bli mistenkt for fusk etter kapittel 9.
(4) Når munnleg, justerande munnleg og praktisk vurdering blir gjennomført i gruppe, skal sensorane sørge for at alle studentane i gruppa blir eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karakterfastsettinga.
Ved gruppevurdering skal alle bidra til et felles produkt, og karakteren kan være enten individuell eller lik for hele gruppa. Hvis en student ikke bidrar nok, kan skolen vedta at studenten ikke har møtt til vurdering. Gruppa har et felles ansvar for at produktet følger gjeldende regler.AI