Forskrift
Nynorsk
§ 6-5. Gjennomføring av vurdering
Gjennomføring av vurdering
(1) Så langt reglane her samsvarer med vurderingsforma, pliktar studentane å
a) svare i samsvar med dei formelle krava til vurderinga (ordgrense m.m.)
b) følge fagskulen sine reglement
c) ikkje bruke anna enn lovlege hjelpemiddel
d) legitimere seg på gyldig måte
e) levere oppgåvesvaret innanfor fristen
f) ikkje forstyrre andre i arbeidet, og
g) rette seg etter meldingar frå fagskulen og eksamensvaktene.
(2) Emneplanen fastset kva hjelpemiddel som er tillate i ein vurderingssituasjon, og reglane for eventuell kontroll av desse.
(3) Studentane skal kjenne til kva reglar som gjeld for bruk av hjelpemiddel og kjelder ved den enkelte vurdering, reglane for eventuell kontroll av desse og kva som blir rekna som fusk eller forsøk på fusk ved bruk av hjelpemiddel og kjelder.
(4) Brot på føresegnene her kan bli rekna som fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk.
Studenter må følge formelle krav, regler og frister under vurderinger. De må bruke lovlige hjelpemidler og rette seg etter anvisninger fra fagskulen. Brudd på disse reglene kan anses som fusk.AI