Hopp til innhold
Forskrift

§ 9-1. Vilkår for å få sletta gjeld

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021·Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke

Vilkår for å få sletta gjeld

Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har vore busette og yrkesaktive i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms i ein oppteningsperiode på tolv månader. I særlege tilfelle kan ordninga òg omfatte låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad. Utan omsyn til bustad omfattar ordninga òg låntakarar som i tolv månader i strekk har vore yrkesaktive legar i desse kommunane: • Troms og Finnmark: Gratangen og Ibestad • Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy • Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne • Møre og Romsdal: Aure. Ordninga gjeld òg låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.

Personer som bor og jobber i Finnmark eller utvalgte kommuner i Nord-Troms i tolv måneder, kan få slettet deler av studielånet. Leger kan få slettet gjeld ved å jobbe i spesifiserte kommuner i Troms, Finnmark, Nordland, Trøndelag eller Møre og Romsdal, uavhengig av hvor de bor.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 9-1 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2021.

Les hele forskriften i sammenheng →