Hopp til innhold
Forskrift

§ 9-3. Vilkår for å bli rekna som yrkesaktiv

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021·Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke

Vilkår for å bli rekna som yrkesaktiv

Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden a) hadde arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid b) hadde fulltidsarbeid i minst seks månader og var registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av perioden c) hadde omsorg for barn født i 2011 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien d) hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, dersom lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark eller i ein av dei utvalde kommunane i Nord-Troms e) var tilsett i transportsektoren, på skip, på oljeleitingsfartøy eller på faste installasjonar på kontinentalsokkelen og samtidig blei rekna som busett etter § 9-5 f) hadde arbeid som lege i ein av dei utvalde kommunane nemnde i § 9-1 andre ledd. Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.

Bestemmelsen forklarer hvem som regnes som yrkesaktiv i opptjeningsperioden for sletting av gjeld. Dette inkluderer personer i ulike typer arbeid, personer med omsorgsoppgaver og enkelte i studiepermisjon eller transportsektoren. Sykemeldt tid teller som yrkesaktiv tid.AI

Se ogsåForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021 § 9-1referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 9-3 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2021.

Les hele forskriften i sammenheng →