Forskrift
Nynorsk
§ 10. Berekning av rentetap eller rentegevinst
Berekning av rentetap eller rentegevinst
Det blir rekna rentetap eller rentegevinst ved
a) ekstra innbetalingar, sjå § 11
b) oppseiing av fastrenteavtalen, sjå § 12
c) oppheving av fastrenteavtalen, sjå § 13.
Rentetap eller rentegevinst blir rekna etter reglane i forskrift 19. september 2022 nr. 1612 om finansavtaler (finansavtaleforskriften) § 2-1 andre ledd. På betalingstidspunktet reknar Lånekassen ut ei rente for resten av avtaletida. Denne renta er det vekta gjennomsnittet av renta på dei 2 tilboda om fastrentelån i Lånekassen som rekna i bindingstid ligg nærmast lånet til låntakaren, det eine med kortare og det andre med lengre bindingstid enn den resterande avtaletida. Dersom den ekstra innbetalinga blir gjord på ei tid då det finst tilbod om fast rente, skal renta på desse tilboda brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om fast rente når den ekstra innbetalinga skjer, skal Lånekassen sine siste tilbod om fastrente brukast. Er det mindre enn 3 år att av nedbetalingstida, bruker Lånekassen den flytande renta på innbetalingstidspunktet og Lånekassen sitt siste tilbod om 3 års fastrente til å rekne ut ei gjennomsnittleg rente.
Dersom den vekta renta er lågare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentetapet lagt til gjelda til låntakaren.
Dersom den vekta renta er høgare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentegevinsten trekt frå gjelda til låntakaren.
Bestemmelsen forklarer hvordan det beregnes rentegevinst eller rentetap ved ekstra innbetalinger eller endring av fastrenteavtaler. Differansen mellom avtalt rente og gjeldende markedsrente kan føre til at gjeldssummen enten øker eller reduseres.AI
Se ogsåForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 11Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 12Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 13Finansavtaleforskriften § 2-1 første leddreferert av 4 →
Sammenheng
Se også4
Referert av4
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 11Ekstra innbetaling på lån med fast rente
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 12Oppseiing av avtale om fast rente
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 13Oppheving av fastrenteavtale når det blir gitt lån eller stipend frå Lånekassen
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 17Ekstra innbetaling
Koblinger for § 10 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån.