Forskrift
Nynorsk
§ 27. Gjeld som ikkje blir permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån·Kapittel 5. Misleghald av betalingsplikta·Sist endret 1. januar 2026
Gjeld som ikkje blir permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita
Gjelda blir ikkje permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita dersom eitt av desse vilkåra er til stades:
a) Låntakaren har ei frivillig eller tvungen betalingsordning.
b) Låntakaren har betalt inn eit beløp tilsvarande minst 6 terminbeløp dei siste 12 månadene.
c) Låntakaren sannsynleggjer at den noverande situasjonen gir rett til betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld.
d) Det finst særlege grunnar til ikkje å overføre gjelda.
Krav om unntak skal vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Innkrevjingsmyndigheita. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.
Gjeld blir ikke permanent overført til innkrevingsmyndigheten dersom visse vilkår er oppfylt, som for eksempel at man har en betalingsordning eller har betalt et bestemt beløp. Krav om unntak må være begrunnet og sendt innen fristen i varselet.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 27 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån.