Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Generelle vilkår

Generelle vilkår

Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret og som driv vanleg jordbruksproduksjon. Etter § 7 kan tilskotet i staden gjevast til attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn etter avdød jordbrukar. Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket i dei to siste inntektsåra som vedkomande har fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad. Dersom personen ikkje er innehavar må inntekta ha vore minimum ½ G i gjennomsnitt per år. For nye innehavarar som per 1. januar enno ikkje har fått skatteoppgjer for dei to fyrste åra etter oppstart krevst i staden at jordbruks- eller gartneridrifta i føretaket er egna til å gje dei positiv næringsinntekt over tid. Tilskotet kan gjevast til dekking av dokumenterte utgifter til avløysing. Som avløysing reknast ikkje arbeid utført av person som 1) har næringsinntekt frå føretaket eller nokon av føretaka i driftsfellesskapet, 2) er ektefelle eller sambuar til nokon som har næringsinntekt frå føretaket eller føretaka i driftsfellesskapet, eller 3) er under 15 år.

Tilskudd til avløser kan gis til bedrifter i Einingsregisteret som driver vanlig jordbruksproduksjon. Personen det søkes for må ha hatt næringsinntekt fra jordbruk eller gartneri i de to siste inntektsårene, eller ha en drift som kan gi inntekt over tid.AI

Endret 21. desember 2018 · i kraft 1. januar 2019
Endringshistorikk (2)
  • 21. desember 2018Endr. i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
  • 6. juli 2018Endr. i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 4 juli 2018 nr. 1151 (i kraft 15 aug 2018), 17 des 2018 nr. 2120 (i kraft 1 jan 2019).

Se ogsåForskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. § 7referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Endringshistorikk2

Koblinger for § 3 i forskrift-om-tilskot-til-avløysing-ved-sjukdom-og-fødsel-mv.

Les hele forskriften i sammenheng →