Hopp til innhold
Forskrift

§ 4. (Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)

Forskrift om tomtefeste m.m.·Kapittel II. Innløysing og lenging av festetomt·Sist endret 1. juli 2015

(Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på vilkår som føljer av lov om tomtefeste § 15 fjerde ledd. Dette gjeld berre dersom bortfestaren dokumenterer at a) eigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, og b) inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer meir enn eit årleg minstebeløp, som frå 1. januar 2006 er 15 000 kroner og deretter ved kvart årsskifte blir justert i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, og c) inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5 % eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har fått lønn for arbeid med slik drift av eigedomen, eller har deltatt i eit føretak som har hatt inntekt frå slik drift av eigedomen, skal bruttolønna og part av verksemdas driftsresultat som kjem frå slik drift av eigedomen, reknast med i driftsresultatet. Dersom drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren også reknast med i driftsresultatet. Om næringsdrifta som jord-, skog- eller hagebruk er nedlagt, eller all jord og skog i drift er leigd bort til anna enn føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, gjeld første ledd berre dersom det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att eller at bortleiga vil høyre opp seinast når det er gått fem år frå drifta blei nedlagt eller jorda og skogen blei leigt bort. I så fall skal driftsresultatet etter første ledd bokstav c reknast ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den, ut frå dei tre seinaste åra i drift, gir pårekneleg grunnlag for. Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten, med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen skal ikkje reknast i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane. Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne. Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her verksemd som ved bruk av jorda eller gjennom husdyrhald produserer mat eller fôr, skinn eller ull, eller som ved bruk av skogen produserer trevirke eller ved. Som husdyrhald reknast avl, oppdrett og hald av husdyr, blant dette tamrein. Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her også a) gartneridrift, b) dyrking av blomar og andre plantevekstar på friland eller under glas, plast og liknande, og dessutan tiltrekking av plantar, c) pelsdyrnæring, d) avl og oppdrett til to års alder av hest, og oppstalling av hest, når dette skjer ved utnytting av landbrukseigedomens produksjonsmidlar og hovudsakeleg eigeprodusert fôr, e) bihald, f) sagbruk som drivast på eigen gardssag i samband med trevirkeproduksjon frå eiga skog, dersom sagbruksverksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring, g) utnytting og bortleige av jakt- og fiskerettar i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, h) uttak av jord, sand, stein og torv i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, i) sanking av bær, konglar, mose, tang, tare og liknande i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, og j) utføring av tenester for andre med monalege driftsmiddel som hovudsakleg blir nytta i eige jord-, skog- eller hagebruk, eller utleige av slike driftsmiddel, dersom verksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring. Paragrafen her gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifa for overgangsreglar), 24 juni 2005 nr. 675 (se endringsforskrifta for overgangsreglar), 30 juni 2006 nr. 728 (i kraft 1 juli 2006), 19 juni 2015 nr. 681 (i kraft 1 juli 2015), 4 sep 2015 nr. 1030.

Se ogsåTomtefestelova § 15 første ledd

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 4 i forskrift-om-tomtefeste-mm.

Les hele forskriften i sammenheng →