Hopp til innhold
Forskrift

§ 5. (Kva som skal følgje med ved innløysing ved punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan)

Forskrift om tomtefeste m.m.·Kapittel II. Innløysing og lenging av festetomt·Sist endret 1. november 2021

(Kva som skal følgje med ved innløysing ved punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan)

I tilhøve som nemnt i tomtefestelova § 37 tredje leddet kan statsforvaltaren avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, dersom ein part ber om det. Dersom innløysinga handsamast ved skjønn etter tomtefestelova § 37 andre leddet, kan statsforvaltaren heilt eller delvis overlate til skjønnet å treffe avgjerd etter første punktum. Justisdepartementet er klageinstans for avgjerd som statsforvaltaren har gjort. Så langt ikkje anna følgjer av avtale om korleis innløysing skal gjennomførast, og innanfor det som følgjer av bindande vedtak etter plan- og bygningslovgjevinga, kan statsforvaltaren eller skjønnet i ei sak etter første ledd ta alle avgjerder som trengst for å a) halde oppe grunndisponering som er fastsett i plan for område, og b) halde oppe skyldnader som festarane har vorte pålagde eller kan påleggjast til opparbeiding eller vedlikehald av fellesanlegg eller til gjennomføring av andre felles tiltak, og c) halde oppe rådvaldsband over tomtearealet som følgjer av det tidlegare rettshøvet, og d) fastsetje rett og plikt for innløysaren til å delta i drifta og finansieringa av fellesanlegg og fellestiltak som er etablert i området og som har vore og framleis vil kunne nyttast av innløysaren, og e) fastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å halde oppe bruken av bortfestaren sin attverande eigedom, og for at brukarar av den attverande eigedom ikkje skal påførast særskilt tap eller kostnad ved at punktfestet blir ei sjølveigande tomt. Før statsforvaltaren treffer avgjerd eller overlet saka til skjønnet, skal statsforvaltaren innhente fråsegn frå partane i festehøvet og den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova. Ved innløysing i allmenning skal fråsegn også innhentast frå fjellstyre og allmenningsstyre. Vidare skal statsforvaltaren vurdere om det trengst samtykke frå eller bør hentast inn fråsegn frå andre offentlege organ. Hvis saka er overlate til skjønnet, skal kommunen der området ligg, varslast til skjønnet som blir halde og har rett til å møte. I allmenning gjeld dette også for fjellstyret og allmenningsstyret. Einkvar som har festerett til tomt i eit planområde eller ei allmenning, har også rett til å møte, jamvel om han ikkje har kravd innløysing.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003), 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifta for overgangsreglar), 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).

Se ogsåTomtefestelova § 37

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5 i forskrift-om-tomtefeste-mm.

Les hele forskriften i sammenheng →