Hopp til innhold

Byggjekrav

Passasjerområde skal vere plasserte og utforma slik at dei ved tiltenkt bruk gjev forsvarleg tryggleik for liv og helse, og er skjerma mot sterk støy og utslepp frå andre delar av skipet. Det skal vere direkte tilkomst til passasjerområde frå staden der passasjerane kjem om bord i skipet. Alle innvendige og utvendige passasjerområde skal vere samanhengande. Område som ikkje er passasjerområde, skal vere tydeleg merka eller stengde for passasjerar. Innvendige passasjerområde skal plasserast aktanfor kollisjonsskottet. For skip som ikkje har krav om kollisjonsskott, skal innvendige passasjerområde plasserast aktanfor 0,05 L (m) av fremre perpendikulær. Dørken skal liggje over den djupaste lastelinja til skipet. Takhøgda skal vere minst 2030 mm. Takhøgda kan reduserast i eit område der full rørslefridom ikkje er naudsynt. Fri høgd i trapper skal vere minst 2030 mm målt frå ei tenkt linje som går gjennom ytste kanten på kvart trappetrinn. Overkant av døropningar skal vere minst 2000 mm over dørk, dekk eller rampe. Dører, inkludert opne- og lukkemekanisme, skal vere utforma på ein måte som i størst mogeleg grad hindrar klemskade. Dørk og dekk, trappetrinn og rampar skal ha sklisikker overflate.

Passasjerområder på skip skal være utformet for å sikre liv og helse, og være skjermet mot støy og utslipp. Områdene skal være sammenhengende med direkte tilgang fra ombordstigningsstedet. Det stilles spesifikke krav til takhøyde, dørstørrelser, plassering og sklisikre overflater.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 4 i forskrift-om-tryggleik-i-passasjerområde.

Les hele forskriften i sammenheng →