Trapper, trappeheisar og løfteplattformer
Trapper skal ha rette løp mellom kvar avsats. Heile trappa skal ha lik stigning. Inntrinnet skal vere minst 250 mm. Forholdet mellom inntrinn og opptrinn skal vere 2 x opptrinn + 1 x inntrinn = 620 mm ± 20 mm.
Opningar større enn 100 mm mellom trappetrinn skal sikrast.
Løfteplattform, trappeheis eller liknande som oppfyller krava i forskrift 20. mai 2009 nr. 544 om maskiner, kan monterast på skip, men skal ikkje nyttast medan skipet er undervegs. Løfteplattform, trappeheis eller liknande skal vere kopla til ei naudkraftkjelde. Det skal vere fri takhøgd på 2030 mm over heile løfteplattforma.
Trappeheis kan berre monterast i trapper som ikkje er ein del av dei påkravde rømmingsvegane om bord.
Reglene fastsetter tekniske krav til utforming av trapper, inkludert mål på trinn og sikkerhet ved åpninger. Det stilles også krav til montering og bruk av heiser og løfteplattformer, som må ha nødkraft og tilstrekkelig takhøyde.AI