Hopp til innhold
Forskrift

§ 16. Krav til drift og vedlikehald

Krav til drift og vedlikehald

Inventar og lause gjenstandar skal vere forsvarleg sikra. Når det blir utført vedlikehald i passasjerområde med passasjerar om bord, skal området sikrast eller sperrast av slik at ingen passasjerar blir utsett for fare. Skipet skal ha rutinar for å halde dørk, dekk, trappetrinn og rampar sklisikre under alle forhold. Skipet skal ha rutinar for å verne passasjerar frå farar knytt til maskineri eller teknisk utstyr som er naudsynt for drifta av skipet, når slikt utstyr er plassert i passasjerområde. Dersom passasjerane skal besøkje delar av skipet som ikkje er passasjerområde, skal dette skje i følgje med nokon som arbeider om bord. Talet på passasjerar utanfor passasjerområde skal vurderast basert på tilgjengelege rømmingsvegar og andre risikomoment i den aktuelle delen av skipet.

Reglene krever at løse gjenstander er sikret og at passasjerområder holdes sklisikre. Ved vedlikehold skal områder sperres av for sikkerhet, og passasjerer må følges av ansatte dersom de besøker områder som ikke er beregnet for passasjerer.AI

Les hele forskriften i sammenheng →