Hopp til innhold

Avgift

Styret i samanslutninga fastset avgifta i samsvar med at den samla avgifta skal svare til samanslutninga sine utgifter. Dersom innbetalt avgift er større enn utgiftene til samanslutninga eit einskild år, skal differansen setjast av til neste års drift. Innehavarar av løyve der all fisk som er på lokalitetar knytt til løyvet kan identifiserast som oppdrettsfisk og kan sporast tilbake til eigaren, skal ikkje betale avgift. Innehavarar av løyve der all fisk som er på lokalitetar knytt til løyvet har eigenskapar som gjer at han ikkje kan formeire seg, betaler redusert avgift. Avgifta utgjer 25 prosent av avgifta fastsett etter første ledd. Samanslutninga krev inn avgifta og fører kontroll med at avgifta blir betalt. Avgifter som blir betalt til samanslutninga skal plasserast på ein separat bankkonto.

Sammenslutningen bestemmer avgiften slik at den dekker egne utgifter. Noen løyveinnehavere slipper å betale avgift, mens andre får redusert avgift hvis fisken ikke kan formere seg. Overskudd fra avgiftene skal brukes til drift neste år.AI

Les hele forskriften i sammenheng →