Styret
Styret har til saman fem representantar med personlege varamedlemmer. Styremedlemmene tenestegjer i to år. Val av medlemmer til styret skjer slik:
a) tre representantar blir valde av og frå havbruksnæringa
b) to representantar blir peika ut av Nærings- og fiskeridepartementet.
Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte for å behandle spesielle saker når styret eller minst ein firedel av deltakarane krev det. Innkallinga skjer med minst ei vekes varsel.
Styret skal årleg leggje fram for departementet ein rapport om verksemda til samanslutninga, medrekna
a) separat rekneskap for kontoen som også fortel korleis dei innkravde midlane og renter bokførte på kontoen er fordelte
b) ei kort framstilling av verksemda til samanslutninga
c) korleis avgifta er utrekna og fastsette.
Rapporten skal vere offentleg tilgjengeleg.
Bestemmelsen forklarer hvordan styret for samanslutningen skal settes sammen, hvor lenge medlemmene sitter, og hvilken rapport styret må sende til departementet hvert år. Rapporten skal være offentlig tilgjengelig.AI