Hopp til innhold

Styret

5.1. Styret er på ..... medlemer med ..... varamenn. Funksjonstida for medlemene er 3 år og for varamennene 1 år. Første året går ..... medlem(er) ut, andre året ..... , begge åra etter lutdraging, deretter den/dei som har vore med lengst. Ein styremedlem er med i styret til dess det er valt ein ny, endå om tenestetida er ute. 5.2. Styremøte skal haldast så ofte formannen meiner det er naudsynt, eller når minst ..... styremedlemer krev det. Drøftingane i styret vert leia av formannen, eller når han ikkje er til stades, av varaformannen. For at eit styrevedtak skal vere gyldig, må minst halvparten av styremedlemene ha røysta for framlegget. Står røystene likt, gjer røysta til møtestyraren utslaget. 5.3. Firmaet til sjøtrygdelaget skal underskrivast av to styremedlemer saman. Styret kan gje prokura. 5.4. Styret skal elles: 5.4.1. Velje formann og nestformann seg imellom for 1 år om gongen. 5.4.2. Leie verksemda i sjøtrygdelaget og dessutan avgjere alle saker som ikkje ved vedtekter er lagde til andre organ i sjøtrygdelaget. 5.4.3. Gjennomføra vedtaka til medlemsmøtet. 5.4.4. Førebu og gje tilråding i dei sakene som skal leggast fram for medlemsmøtet. 5.4.5. Gje årsmelding og revidert rekneskap til medlemsmøtet. 5.4.6. Kunne inngå Hovudavtale med Sjøtrygdelagenes fellesforening og fastsetja premiar og trygdevilkår i samsvar med Hovudavtalen. 5.4.7. Syta for trygg attertrygding av risikoane til sjøtrygdelaget. 5.4.8. Tilsetja personale og fastsetja løn og andre vilkår for desse. 5.4.9. Sjå til at det vert stilt forsvarleg tryggleik for den midelen som dei tilsette er ansvarlege for etter føresegn gitt av Forsikringsrådet. 5.4.10. Sjå til at interessene til sjøtrygdelaget vert tekne forsvarleg vare på. Styret skal føra møtebok over drøftingane sine. Alle styremedlemene som møter, skal skriva under i boka.

Les hele forskriften i sammenheng →