På lagsmøtet skal dei:
1) ha føre seg årsmelding frå styret og ettersedd rekneskap,
2) taka avgjerd om korleis overskotet skal nyttast eller underskotet greiast opp,
3) velja styre med varamenn i samsvar med § 9,
4) velja ettersynsmann (-menn),
5) velja takstmenn,
6) avgjerda om dei valde tillitsmennene skal ha godtgjersle og då kor stor godtgjersle kvar skal ha,
7) tilsetja forretningsfører og andre tenestemenn og fastsetja løn, aldersgrense, plikt til å stilla trygd og føresegner for dei, eller taka avgjerd om at styret skal gjera dette.
8) ha føre seg andre saker som er nemde i innkallinga.
Møtestyrar på lagsmøtet er styreformannen, og varaformannen når formannen ikkje er til stades, og elles ein serskild ordførar som lagsmøtet vel.
På lagsmøtet har kvar lagsmann ei røyst for kvar vågnadseining han har meldt, og dessutan kan han røysta etter skriftleg fullmakt – med like mange røyster som han har vågnadseiningar. Men ingen kan ha meir enn tre røyster.
Alle vedtak vert gjorde med vanleg røystefleirtal, når ikkje anna er fastsett i vedtekta. Når røystene står likt, går det etter møtestyrar-røysta så nær som i val. Då skal det nyttast lutkasting.
Det skal førast møtebok over det som er føre. Når møtet sluttar, skal møteboka lesast opp til godkjenning, og underskrivast av møtestyraren og to andre lagsmenn som møtet vel til det.
Bestemmelsen beskriver hva som skal skje på et lagsmøte, hvem som leder møtet og hvordan avstemninger foregår. Den fastslår også reglene for stemmerett og krav til møtebok.AI
Sammenheng
Koblinger for § 8 i forskrift-om-vedtekter-for-sjøtrygdelag-1956.