Hopp til innhold
Forskrift

§ 1. Innhaldet i kravet om oppløysingssal

Forskrift til sameigeloven § 15 fjerde ledd·Kapittel I. Allmenne føresegner.·Sist endret 1. januar 2008

Innhaldet i kravet om oppløysingssal

Kravet om tvangssal til oppløysing av sameige skal setjast fram i prosesskriv eller munnleg. Vert kravet sett fram munnleg, skal namsmakta setje det opp i prosesskriv. I skrivet skal stå: a) at kravet gjeld oppløysing av sameige; b) kva det er som ligg i sameige; c) namnet på og bustaden til alle sameigarane; d) kor stor part kvar har i sameiga; e) kva varsel medeigarane har fått om oppløysingskravet; f) kva tvangsgrunnlag det er for oppløysing eller, i tilfelle, ei særskild grunngjeving i samsvar med siste stykket; g) dei opplysningane som elles trengst til å dømme om oppløysingssal kan krevjast eller som det er bruk for av omsyn til tillysinga og gjennomføringa av oppløysingssalet. Saman med opplysningane må leggjast fram dei dokument som kjem saka ved. Ligg det føre tvangsgrunnlag for oppløysing, skal utskrift eller anna dokument leggjast ved slik som fastsett i tvangsfullføringslova § 5-2 andre stykket. Ligg det ikkje føre dom eller anna tvangsgrunnlag for oppløysing, må kravsmannen i ei særskild grunngjeving for kravet gjere det truleg at han har rett til å krevje sameige oppløyst. Saman med grunngjevinga skal leggjast fram alle opplysningar og dokument som trengst til å dømme om det er ein slik rett.

Reglene forklarer hvordan man krever tvangssalg for å løse opp et sameie. Kravet kan fremsettes skriftlig eller muntlig, og det må inneholde spesifikk informasjon om eiendommen, eierne og grunnlaget for salget.AI

Noter (1)
  • EndringEndret ved forskrift 21 des 2007 nr. 1607 (i kraft 1 jan 2008, jf endringsforskriften for overgangsregler).

Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 5-2 første ledd

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 1 i forskrift-til-sameigeloven--15-fjerde-ledd.

Les hele forskriften i sammenheng →