Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom. Inn under ulempe går òg at noko må reknast for farleg.
I avgjerda om noko er urimeleg eller uturvande, skal det leggjast vekt på kva som er teknisk og økonomisk mogeleg å gjera for å hindra eller avgrensa skaden eller ulempa. Det skal jamvel takast omsyn til naturmangfaldet på staden.
I avgjerda om noko er urimeleg, skal det vidare leggjast vekt på om det er venteleg etter tilhøva på staden og om det er verre enn det som plar fylgja av vanlege bruks- eller driftsmåtar på slike stader.
Jamvel om noko er venteleg eller vanleg etter tredje stykket, kan det reknast som urimeleg så langt som det fører til ei monaleg forverring av brukstilhøva som berre eller i særleg grad råkar ein avgrensa krins av personar.
Naboer skal ikke gjøre noe som er urimelig eller unødvendig til skade eller ulempe for naboeiendommen. Det skal vurderes hva som er teknisk og økonomisk mulig å gjøre for å begrense skaden, samt hensyn til naturmangfold og lokale forhold.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 16 juni 1989 nr. 67, 19 juni 2009 nr. 100 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 704).
Sammenheng
Referert av4
Nevnt i3
- Lovvedtak 97 (2016–2017)Vedtak til lov om endringer i vannressursloven og jordlova (konsesjonsplikt for grunnvannstiltak og unntak fra omdisponeringsforbudet)
- Innst. 309 L (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra energi- og miljøkomiteen
- Innst. 229 L (2015–2016)Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid)
Koblinger for § 2 i grannelova.