Forskrift
§ 3. Definisjonar
Definisjonar
I denne forskrifta meiner ein med:
a) Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar.
b) Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet.
c) Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap.
d) Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting.
e) Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.
Denne bestemmelsen forklarer sentrale begreper brukt i regelverket for havbeite. Den definerer hva som menes med produksjon, økt dødelighet, selve havbeite-virksomheten, uttak av dyr og det geografiske området for driften.AI
Endret 1. mars 2023 · i kraft 28. februar 2023
Endringshistorikk (3)
- 1. mars 2023Forskrift om endring i forskrifter gitt med hjemmel i akvakulturloven i forbindelse med omorganisering av Fiskeridirektoratet
- 25. juli 2008Endr. i havbeiteforskrifta
- 5. januar 2006Endr. i havbeiteforskrifta
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
Sammenheng
Endringshistorikk3
Koblinger for § 3 i havbeiteforskrifta.