Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11. Nasjonal kvote, gruppekvote og distriktskvote

Havressurslova·Kapittel 3. Fangstmengd og kvotar·Sist endret 1. januar 2013

Nasjonal kvote, gruppekvote og distriktskvote

Departementet kan fastsetje eit største tillate uttak (nasjonal kvote) for viltlevande marine ressursar målt i kvantum, individ, haustingsdøgn eller andre innsatsfaktorar. Nasjonal kvote skal fastsetjast for bestemte tidsrom. Når det er fastsett ein nasjonal kvote, kan det ikkje fastsetjast gruppekvotar, forskings- og undervisningskvotar og liknande som til saman utgjer meir enn den nasjonale kvoten. Departementet kan fastsetje eit største tillate uttak for kvar fartøy- eller reiskapsgruppe eller anna definert gruppe (gruppekvote). Gruppekvote skal fastsetjast for bestemte tidsrom. Departementet kan fastsetje at ein del av den nasjonale kvoten eller ein del av gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper skal leverast til tilverking ved landanlegg i bestemte distrikt (distriktskvote). Departementet kan fastsetje forskrifter om fordeling av og vilkår for utnytting av distriktskvoten. Departementet kan fastsetje at ein del av den nasjonale kvoten eller ein del av gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper skal leverast til ein bestemt bruk eller i ein bestemt tilstand. Når ei fartøygruppe samla får ei rimeleg fangstordning, kan departementet fastsetje fangstavgrensingar for desse eller at fartøya i gruppa ikkje skal få vere med i enkelte fiskeri. I område som er omfatta av deltakerloven § 21 tredje ledd, skal det ved tildeling av kvotar av viltlevande marine ressursar, og ved andre former for regulering av desse ressursane, leggjast vesentleg vekt på samisk bruk og kva denne bruken har å seie for samiske lokalsamfunn.

Departementet kan bestemme hvor mye fisk og andre marine ressurser som kan fanges gjennom nasjonale, gruppebaserte og distriktsspesifikke kvoter. Det kan også settes krav til hvor fangsten skal leveres og hvordan den skal brukes. Samisk bruk skal vektlegges tungt i områder som omfattes av deltakerloven.AI

Noter (2)
  • EndringEndra ved lov 21 sep 2012 nr. 66 (ikr. 1 jan 2013 iflg. res. 21 sep 2012 nr. 913). Vert endra med lov 5 mars 2021 nr. 7 (ikr. frå den tid Kongen bestemmer).
  • Note 1Inkurie: Skal vel være fjerde ledd.

Se ogsåDeltakerloven § 21omtalt i 4 kilderreferert av 3

Sammenheng

Utfyllende forskrifter6
Se også1
Referert av3
Nevnt i4

Koblinger for § 11 i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →