Lov
Nynorsk
§ 16. Gjennomføring av hausting
Havressurslova·Kapittel 4. Gjennomføring av hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar
Gjennomføring av hausting
All hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar skal skje så skånsamt som mogleg.
Departementet kan fastsetje forskrifter om gjennomføring av hausting, mellom anna om
a) tidsrom for hausting og tidspunkt for utsegling
b) kor mange fartøy frå ulike grupper som kan hauste samtidig i eit område
c) forbod mot hausting i visse område, av visse artar eller med visse reiskapar
d) utforming, merking, bruk og røkting av reiskapar og andre innretningar som vert nytta i samband med hausting
e) største eller minste tillatne storleik på individ og at det berre eller for ein del skal haustast hann- eller hoindivid
f) tillaten bifangst
g) utforming og bruk av haustingsreiskapar for å redusere skadeverknader på andre artar enn målartane.
All fangst og utnytting av marine ressurser skal gjøres så skånsomt som mulig. Departementet kan lage detaljerte regler for hvordan fangsten skal gjennomføres, inkludert begrensninger på utstyr, områder, arter og tidsrom.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter6
Referert av2
Koblinger for § 16 i havressurslova.