Lov
Nynorsk
§ 22. Sports- og rekreasjonsfiske
Havressurslova·Kapittel 4. Gjennomføring av hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar·Sist endret 1. juli 2017
Sports- og rekreasjonsfiske
Når det vert hausta med fartøy som ikkje er merkeregistrerte eller fiska frå land, kan det ikkje nyttast andre reiskapar enn
a) handsnøre, fiskestong og liknande handreiskapar
b) éi maskindriven jukse eller dorg
c) garn med samla lengd på inntil 210 meter
d) liner med inntil 300 onglar
e) inntil 20 teiner eller ruser.
Desse reiskapsavgrensingane gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy.
Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål.
Departementet kan i forskrift fastsetje kvantumsavgrensingar, strengare reiskapsavgrensingar eller forbod mot hausting i nærare bestemte område når det er nødvendig av omsyn til ressursforvaltninga.
Den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst § 5, kan utan omsyn til reglane i første ledd berre drive sportsfiske med handreiskapar. Det er forbode å omsetje fangsten. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå første og andre punktum for jakt på kystsel.
Departementet kan i forskrift påleggje den som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske, å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga. For statistikkformål kan departementet i forskrift også påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske, å gje opplysningar om haustinga. Departementet kan i forskrift fastsetje krav til registrering for å drive verksemd som nemnd i første punktum og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Departementet kan i forskrift gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.
Utan omsyn til reiskapsavgrensingane i første ledd, kan departementet i forskrift fastsetje at det kan drivast jakt på kystsel frå land og med fartøy som ikkje er merkeregistrerte. Det kan fastsetjast nærare føresegner om slik jakt.
Føresegnene i fjerde og sjette ledd gjeld ikkje på Svalbard eller i fiskevernsona og territorialfarvatnet ved Svalbard.
Dei andre føresegnene i eller fastsette i medhald av lova gjeld så langt dei høver.
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540), 7 mars 2014 nr. 6 (ikr. 7 mars 2014 iflg. res. 7 mars 2014 nr. 254), 16 juni 2017 nr. 73 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 747).
Sammenheng
Se også1
Referert av6
- Forskrift om regulering av sel på norskekysten § 7Særskilt om utlendingers adgang til å drive seljakt
- Forskrift om begrensninger i torskefisket mv. § 2Omsetningsgrense, registreringskrav og garnbegrensning ved fiske etter torsk
- Havressurslova § 13Kvotar til forsking, overvaking, undervisning og praktiske reiskapsforsøk
- Havressurslova § 23 bForbod for utlendingar mot å drive fiske
- Havressurslova § 46 første leddGjennomføring av kontroll
- Forskrift om tvangsmulkt mv. ved brudd på havressurslova og deltakerloven § 4 første leddOvertredelsesgebyr
Koblinger for § 22 i havressurslova.