Lov
Nynorsk
§ 39. Landings- og sluttsetel og førehandsvarsel om landing
Landings- og sluttsetel og førehandsvarsel om landing
Eigaren eller brukaren av haustings- eller transportfartøy og den som tek imot fangst, skal skrive ut ein landingssetel med opplysningar om fangsten. Dette gjeld uansett om fangsten vert overført til anlegg på land, anna fartøy eller til oppbevaring i sjø.
Eigaren eller brukaren av haustings- eller transportfartøy og den som kjøper fangst i første hand, skal skrive ut ein sluttsetel med opplysningar om fangsten.
Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om omfanget av pliktene i første og andre ledd, mellom anna korleis setelen skal førast, kva slags opplysningar setelen skal innehalde, og om oppbevaring og innsending av setelen.
Departementet kan i forskrift fastsetje at dei som er nemnde i første og andre ledd, skal sende førehandsvarsel til styresmaktene om kvar, korleis og når landing eller mottak av fangst skal skje, kva slags opplysningar om fangsten førehandsvarselet skal innehalde, og at førehandsvarsel skal sendast ei viss tid før fangsten kan landast.
Det er krav om å skrive ut landingssetel og sluttsetel med opplysningar om fangst. Departementet kan fastsetje nærare reglar for dette og kreve at det vert sendt førehandsvarsel til styresmaktene om landing eller mottak av fangst.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter6
Referert av1
Koblinger for § 39 i havressurslova.