Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 47. Utplassering av inspektørar og observatørar

Havressurslova·Kapittel 7. Kontroll og handheving

Utplassering av inspektørar og observatørar

Inspektørar og observatørar kan plasserast om bord i haustingsfartøy. Dei skal ha nødvendig kost og losji for fartøyet si rekning, og dei skal utan vederlag kunne bruke kommunikasjonsutstyr. Departementet kan fastsetje forskrift om a) oppgåvene til observatøren b) kva fartøygrupper og kor mange fartøy som skal ha inspektør eller observatør om bord, og korleis fartøya skal veljast ut c) at kostnadene ved inspektør- og observatørordningar, mellom anna løns- og transportkostnadene, skal fordelast på alle deltakande fartøy i ei nærare definert fartøygruppe eller i særlege tilfelle heilt eller delvis berast av enkeltfartøy d) at fartøy som ikkje har betalt pålagde inspektør- eller observatørkostnader kan nektast å delta i vedkomande haustingsverksemd. Krav etter vedtak etter andre ledd bokstav c er tvangsgrunnlag for utlegg.

Inspektører og observatører kan plasseres på fiskebåter. Båten skal betale for deres kost og losji, og de skal ha gratis tilgang til kommunikasjonsutstyr. Departementet kan bestemme hvem som skal betale kostnadene for ordningen.AI

Sammenheng

Utfyllende forskrifter6

Koblinger for § 47 i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →