Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 48. Kontrolloppgåvene til salslaga

Havressurslova·Kapittel 7. Kontroll og handheving·Sist endret 1. januar 2014

Kontrolloppgåvene til salslaga

Fiskesalslag etter fiskesalslagslova skal kontrollere at føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova vert følgde. Kontrollen skal avgrensast til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd etter fiskesalslagslova, særleg kontroll med at fangstuttak og landa fangst er i samsvar med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her. Departementet kan påleggje salsorganisasjonane å kontrollere opplysningar om fangstar som ikkje kjem inn under den retten salslaget har til førstehandsomsetning. Ved gjennomføring av kontrollen kan salslaget krevje uhindra tilgang til haustings- eller transportfartøy og til kontora, lagera og produksjonsanlegga til kjøparen eller mottakaren. Det same gjeld når fangst vert overført frå eller til steng eller merd. I denne samanhengen kan salslaget krevje uhindra tilgang til fangstdagbok, landingsjournal, setlar og rekneskapar. Departementet kan i forskrift stille krav til korleis salslaget organiserer kontrollverksemda. Dei som vert kontrollerte, har plikt til å samarbeide ved kontrollen. Departementet kan fastsetje forskrift om gjennomføring av kontroll som er nemnd i denne paragrafen, og om rapporterings- og kontrollrutinar.

Fiskesalslag skal kontrollere at reglene i loven blir fulgt, særlig når det gjelder fangst og landing av fisk. De har rett til tilgang til fartøy, anlegg og dokumentasjon, og de som blir kontrollert må samarbeide.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 juni 2013 nr. 75 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 726).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter5
Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 48 i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →