Lov
Nynorsk
§ 49. Utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter o.a
Utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter o.a
Personell i departementet og Fiskeridirektoratet kan utan hinder av teieplikt gje andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt opplysningar som har naturleg samanheng med oppgåvene deira etter lova her.
Teieplikt for personell i andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt hindrar ikkje at dei gjev departementet eller Fiskeridirektoratet opplysningar som er nemnde i første ledd.
Fiskeridirektoratet skal, utan hinder av teieplikt, ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret som er naudsynte for utøving av oppgåver etter denne lova. Direktoratet skal også ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret til utgreiing og produksjon av statistikk.
Kongen kan fastsetje nærare forskrifter om utveksling av opplysningar etter denne paragrafen.
Ansatte i departementet og Fiskeridirektoratet kan dele relevant informasjon med andre kontrollmyndigheter, politiet og påtalemyndigheten. Fiskeridirektoratet har også lov til å hente ut nødvendige opplysninger fra Folkeregisteret til kontroll og statistikk.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 5 mars 2021 nr. 7 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 17 des 2021 nr. 3629), 21 april 2023 nr. 6 (i kraft 21 april 2023 iflg. res. 21 april 2023 nr. 527).
Sammenheng
Nevnt i3
- Lovvedtak 42 (2022–2023)Vedtak til lov om endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)
- Lovvedtak 64 (2020–2021)Vedtak til lov om endringar i deltakerloven og havressurslova (endringar i kvotesystemet)
- Innst. 190 L (2020–2021)Innstilling til Stortinget frå næringskomiteen
Koblinger for § 49 i havressurslova.