Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 64. Fellesføresegner om straff

Havressurslova·Kapittel 12. Straffansvar·Sist endret 1. oktober 2015

Fellesføresegner om straff

Grovt lovbrot som er gjort med grov aktløyse eller med vilje, kan straffast med fengsel i inntil seks år. Ved vurderinga av om lovbrotet er grovt, skal det særleg leggjast vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske verdien av lovbrotet er stor, om lovbrotet har skjedd systematisk og over tid, om lovbrotet er av grenseoverskridande art, og om lovbrotet har skjedd som ledd i organisert verksemd. Når straffansvar etter §§ 60 til 63 kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet på eit fartøy står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote føresegner med vilje. Ved avgjerda av om ein underordna skal straffast, skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa, kor grovt lovbrotet er, og om vedkomande har hatt eller kunne ha oppnådd fordel ved brotet. Dersom utanlandsk fartøy har brote føresegner som er nemnde i §§ 60 til 63 utanfor sjøterritoriet, kan fengselsstraff ikkje nyttast. Det kan heller ikkje påleggjast subsidiær fengselsstraff i fall bot ikkje vert betalt. Fengselsstraff kan likevel nyttast dersom dette følgjer av avtale med ein framand stat eller fartøyet er statslaust. Fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren. Oppdragsgjevaren kan også straffast i sak som vert reist mot fartøyføraren.

Alvorlige lovbrudd begått med vilje eller grov uaktsomhet kan straffes med fengsel i inntil seks år. Ved vurdering av om bruddet er grovt, legges det vekt på økonomisk verdi, systematiske brudd, grenseoverskridende forhold og organisert virksomhet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540), 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

Se ogsåHavressurslova § 60Havressurslova § 63omtalt i 1 kildereferert av 20

Sammenheng

Utfyllende forskrifter3
Se også2
Referert av20
Nevnt i1

Koblinger for § 64 i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →