Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1.

Hevdslova·Sist endret 1. mars 2002
Etter denne lova kan det vinnast hevd på eigedomsrett eller bruksrett til ting. Med ting er meint fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdepapir. Med verdepapir er meint omsetningsgjeldsbrev og dermed likestilte dokument og omsetningspapir som representerer retten til ein part i eit selskap. Likt med bruksrett er rekna handpantrett. Det kan ikkje vinnast hevd til lausøyre som har arkeologisk, forhistorisk, historisk, litterær, kunstnarisk eller vitskapleg verde, og som er teke frå nokon a) ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, eller b) ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving. Det kan heller ikkje vinnast hevd til lausøyre som vert omfatta av lov om godtroerverv av løsøre 2. juni 1978 nr. 37 § 2 nr. 2. I avtale med framand stat kan det gjerast unntak frå føresegnene i lova her.

Loven bestemmer når man kan få eiendomsrett eller bruksrett til ting gjennom hevd. Dette gjelder for fast eiendom, løsøre og visse verdipapirer. Noen ting, som historiske gjenstander som er stjålet eller ulovlig utgravd, kan man ikke få hevd på.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juni 1978 nr. 37, 13 juni 1997 nr. 44 (ikr. 1 jan 1999 iflg. res. 17 juli 1998 nr. 615), 26 juni 1998 nr. 46, 6 apr 2001 nr. 12 (ikr. 1 mars 2002).

Se ogsåGodtroervervloven § 2

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 1 i hevdslova.

Les hele loven i sammenheng →