Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12. Handsaming av personopplysningar for statistikk, analyse, forsking og retting av feil

Husbankloven·Sist endret 1. juli 2017

Handsaming av personopplysningar for statistikk, analyse, forsking og retting av feil

Husbanken kan handsama dei opplysningane som er nemnde i § 10, når det er naudsynt for å utarbeida statistikk og analysar, men berre dersom ein ikkje kan oppnå føremålet ved å bruka anonymiserte opplysningar. Det same gjeld for kommunane, som kan gje opplysningane til Husbanken. Husbanken kan lagra dei opplysningane som er nemnde i § 10, for seinare bruk i forsking. Departementet kan gje nærare føresegner om utlevering av personopplysningar frå Husbanken til bruk i forsking i samsvar med forvaltningsloven § 13 d. Husbanken kan handsama dei personopplysningane som er nemnde i § 10, når det er naudsynt for å testa, søkja etter feil og retta feil i dei digitale sakshandsamingssystema til Husbanken, men berre dersom ein ikkje kan oppnå føremålet ved å bruka anonymiserte opplysningar. Departementet kan gje nærare føresegner om handsaming av personopplysningar i samband med testing, søking etter feil og retting av feil.

Husbanken og kommunene kan bruke personopplysninger til statistikk, analyse og forskning. Opplysningene kan også brukes til å finne og rette feil i digitale systemer, men bare hvis anonyme opplysninger ikke er tilstrekkelige.AI

Endret 21. juni 2017
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 21 juni 2017 nr. 96 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 21 juni 2017 nr. 831).

Se ogsåHusbankloven § 10 første leddForvaltningsloven § 13omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også2
Nevnt i1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 12 i husbankloven.

Les hele loven i sammenheng →