Lov
Nynorsk
§ 10. Innhenting og handsaming av personopplysningar i samband med tilskot og lån
Innhenting og handsaming av personopplysningar i samband med tilskot og lån
Når det er naudsynt for sakshandsaminga, kan Husbanken og kommunane utan hinder av teieplikt henta inn og handsama
a) opplysningar om namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, kundenummer og reservasjonsstatus for digital post, kontonummer, målform og fødselsnummer
b) opplysningar om eventuell verje og den rettslege handleevna til søkjaren i økonomiske tilhøve
c) opplysningar om inntekt, formue, skatt og gjeld, medrekna opplysningar om inntekt frå Arbeids- og velferdsetaten
d) andre opplysningar om økonomiske tilhøve
e) opplysningar om offentlege ytingar
f) opplysningar om arbeidstilhøve
g) opplysningar om opphaldsløyve og opphaldsrett, og bakgrunnen for gjevne løyve og rettar
h) opplysningar om bustad, butilhøve og sosiale tilhøve
i) opplysningar om utdanninga til søkjaren.
Opplysningane som er nemnde i fyrste leddet, kan òg verta henta inn og handsama dersom dei er naudsynte for å forvalta løyvde tilskot og lån.
Opplysningane kan verta henta inn frå søkjaren sjølv, folkeregisteret, kontakt- og reservasjonsregisteret, arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret, skattestyresmaktene, Kartverket, arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar, forsikringsselskap, eigedomsmeklarar, finansinstitusjonar, selskap som tilbyr kredittvurderingar, båtregister, Arbeids- og velferdsetaten og anna offentleg styresmakt. Søkjaren skal likevel ha rett til å velja å skaffa opplysningar frå arbeidsgjevar og bank sjølv. Opplysningar om sosiale tilhøve kan berre hentast inn frå søkjaren sjølv.
Når det er naudsynt for sakshandsaminga, kan søkjaren eller andre som opplysingane gjeld, verta bedne om å samtykkja til at det vert henta inn helseopplysningar frå helsepersonell.
Husbanken eller kommunen skal opplysa den som blir pålagd å gje frå seg opplysningar, om føremålet med å henta inn opplysningane, om heimelen for å henta inn opplysningane og om retten til å klaga, jf. forvaltningsloven § 14. Husbanken eller kommunen skal på søknadstidspunktet opplysa søkjaren og eventuelle husstandsmedlemmer om kva kjelder opplysningane vert henta frå, kva dei skal verta brukte til, og om retten til å gjennomføra etterfølgjande kontrollar.
Opplysningane som er nemnde i fyrste leddet, skal verta gjevne utan godtgjersle.
Tilgangen til å henta inn og handsama opplysningar etter denne føresegna gjeld også naudsynte opplysningar om ektefellen eller sambuaren til søkjaren, og heimebuande born eller andre husstandsmedlemmer.
Departementet kan fastsetja nærare føresegner om den tilgangen Husbanken og kommunane har til å henta inn og handsama personopplysningar.
Noter (1)
- EndringFøyd til ved lov 21 juni 2017 nr. 96 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 21 juni 2017 nr. 831).
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 10 i husbankloven.