Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12. Skatteplikt o.a

Inndelingslova·Kapittel IV. Direkte verknader av grenseendring·Sist endret 1. juni 2021

Skatteplikt o.a

Når det med verknad frå byrjinga av eit kalenderår er gjennomført samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, blir alle skattepliktige i eit distrikt som tidlegare har danna ein sjølvstendig kommune, ved den første skattefastsetjinga etter samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skattlagt for kommuneskatt etter dei skattesatsane som i dette distriktet blei lagde til grunn ved fastsetjinga av forskot på skatt for vedkomande inntektsår. Dette gjeld likevel ikkje dersom kommunestyret i vedkomande distrikt før samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, har gjort vedtak om at det ved skattefastsetjinga skal nyttast andre skattesatsar, og slikt vedtak er godkjent av statsforvaltaren. Før samanslåing eller deling som nemnt i første ledd blir sett i verk, skal kommunestyret i den nye kommunen eller kommunane gjere vedtak om kva skattesatsar som skal nyttast ved berekning av forskot på skatt for det komande inntektsåret for alle forskotspliktige skatteytarar i den nye kommunen. Vedtaket må gjerast innan den fristen som er fastsett av statsforvaltaren. Dersom fristen ikkje blir halden, skal statsforvaltaren avgjere kva for satsar som skal brukast. Når eit område blir overført frå ein kommune til ein annan med verknad frå byrjinga av eit kalenderår, blir alle skattepliktige i dette området skattlagt for kommuneskatt i den kommunen som avstår området, ved skattefastsetjinga som gjeld inntektsåret før overføringa.

Reglene bestemmer hvilke skattesatser som skal brukes når kommuner slås sammen, deles eller når områder flyttes mellom kommuner. Som hovedregel brukes satsene som var gjeldende for forskuddsskatten i det aktuelle området.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. januar 2020
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 94 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 735), 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531), 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879), 21 juni 2019 nr. 35 (ikr. 1 jan 2020), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåInndelingslova § 3omtalt i 6 kilder

Sammenheng

Se også1
Nevnt i6
Endringshistorikk2

Koblinger for § 12 i inndelingslova.

Les hele loven i sammenheng →