Lov
Nynorsk
§ 3. Definisjonar
Definisjonar
Samanslåing inneber at to eller fleire kommunar eller fylke blir slutta saman til éi ny eining.
Deling inneber
a) at ein kommune eller eit fylke blir delt i to eller fleire nye einingar, eller
b) at ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.
Grensejustering inneber at eit område blir flytta over frå ein kommune til ein annan, eller frå eit fylke til eit anna. På same måten blir det rekna når ein heil kommune blir flytta over til eit anna fylke. Departementet kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering, dersom området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke som skal leggjast til andre kommunar eller fylke etter andre ledd bokstav b.
Omgrepet grenseendring i denne lova er ei fellesnemning på samanslåing, deling og grensejustering.
Grensefastsetjing inneber at det blir gjort vedtak om å fastsetje uklare, omstridde eller tidlegare ikkje fastsette grenser mellom kommunar eller fylke.
Bestemmelsen forklarer hva som menes med sammenslåing, deling og grensejustering av kommuner og fylker. Disse tre begrepene kalles samlet for grenseendring. Den definerer også hva som ligger i å fastsette grenser som er uklare eller omstridte.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 94 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 735), 17 juni 2016 nr. 60 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 681).
Sammenheng
Referert av7
- Inndelingslova § 12Skatteplikt o.a
- Inndelingslova § 15Økonomisk kompensasjon
- Inndelingslova § 20Delingar
- Inndelingslova § 25Felles kommunestyre- eller fylkestingsmøte
- Inndelingslova § 26 første leddFellesnemnd
- Inndelingslova § 27Konstituering av nytt kommunestyre eller fylkesting
- Inndelingslova § 28Lovlegkontroll
Nevnt i4
- Innst. 177 L (2022–2023)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Lovvedtak 85 (2015–2016)Vedtak til lov om endringar i inndelingslova og kommuneloven (behandling av kommunesamanslåingar mv.)
- Innst. 347 L (2015–2016)Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)
- Lovvedtak 109 (2012–2013)Vedtak til lov om endringar i inndelingslova
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3 i inndelingslova.