Lov
Nynorsk
§ 25. Felles kommunestyre- eller fylkestingsmøte
Inndelingslova·Kapittel VI. Gjennomføring av vedtak om samanslåing og vedtak der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke·Sist endret 1. juni 2021
Felles kommunestyre- eller fylkestingsmøte
Når det er gjort vedtak om samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skal statsforvaltaren snarast mogleg kalle saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra. Ved samanslåing eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman kommunestyra dersom kommunane ligg i ulike fylke. Ved samanslåing eller deling av fylke som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman fylkestinga. Departementet kan gjere unntak frå kravet om slikt felles møte. På slike fellesmøte skal følgjande saker drøftast:
a) forslag til namn på den nye kommunen eller det nye fylket
b) talet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget
c) kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i denne lova
d) val av revisor for verksemda i fellesnemnda
e) oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.
Når kommuner eller fylker slås sammen eller deles, skal det holdes et felles møte for å diskutere praktiske løsninger. Her bestemmes blant annet nytt navn og hvor mange representanter det nye styret skal ha.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 94 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 735), 17 juni 2016 nr. 60 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 681), lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).
Se ogsåInndelingslova § 3Inndelingslova § 26 første leddomtalt i 6 kilder →
Sammenheng
Nevnt i6
- Innst. 328 L (2017–2018)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Innst. 385 S (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Lovvedtak 85 (2015–2016)Vedtak til lov om endringar i inndelingslova og kommuneloven (behandling av kommunesamanslåingar mv.)
- Innst. 347 L (2015–2016)Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)
- Innst. 300 S (2013–2014)Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om kommuneproposisjonen 2015
- Lovvedtak 109 (2012–2013)Vedtak til lov om endringar i inndelingslova
Endringshistorikk1
Koblinger for § 25 i inndelingslova.